{"id":16655017,"date":"2013-10-22T18:48:39","date_gmt":"2013-10-22T18:48:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/10\/kongens-medaljer-16655017\/"},"modified":"2013-10-22T18:48:39","modified_gmt":"2013-10-22T18:48:39","slug":"kongens-medaljer-16655017","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kongens-medaljer-16655017\/","title":{"rendered":"Kongens medaljer"},"content":{"rendered":"<p>I helga var det kongeleg medaljedryss over Setesdal. Laurdagskvelden fekk Annemor Sundb\u00f8 hederen for arbeidet ho har lagt ned til beste for strikking gjennom eit kvart \u00e5rhundre. Ho er jo blitt statsstipendiat og f\u00e5r fast inntekt for si formidling av kvinnekultur gjennom b\u00f8ker og foredrag. Kampen for tilv\u00e6ret er dermed noko lettare enn d\u00e5 ho tidlegare streva med \u00e5 skaffe seg utkomme fr\u00e5 engasjementet sitt.<\/p>\n<p>Ordf\u00f8rar Leiv Rygg overrakte henne medaljen p\u00e5 Bygland m\u00e5llag sin kulturkveld. Ho skreiv p\u00e5 Facebook at ho ikkje kunne forst\u00e5 kvifor det var s\u00e5 viktig at ho skulle vere med p\u00e5 det arrangementet, men s\u00e5 vart det jo desto hyggelegare. Ho har drive Ose Ullvare i 20 \u00e5r, og f\u00f8r det dreiv ho Torridal Tweed, sjoddyfabrikken som vart grunnlaget for boka om skattar i fillehaugen. Ordf\u00f8raren fortalde at mange lag og organisasjonar stod bak s\u00f8knaden.<\/p>\n<p>Sundagskvelden var det tid for medaljeutdeling i Valle. P\u00e5 opningsarrangementet til Kulturveka 2013 var f\u00f8rste post p\u00e5 programmet tildeling av medalje til Ingebj\u00f8rg Vegestog Homme. Ho har vore ein sentral kulturformidlar i mange ti\u00e5r innan bunadsaum, b\u00f8ker og bilete. 83 \u00e5r gamal saumar ho framleis bunader, og bileta ho gjennom \u00e5ra har samla inn har kome til nytte i b\u00f8ker og mange andre publikasjonar. Ho er ogs\u00e5 aktiv i arbeidet med nettstaden vallemal.no. I tillegg har ho samla inn viser, stev  og b\u00e5nsullar, s\u00e5 hennar kulturarbeid femner vidt. I grunnen er det rart at ho ikkje har f\u00e5tt medaljen for lenge sidan.<\/p>\n<p>P\u00e5 Setesdalswiki har eg pr\u00f8vd \u00e5 samle informasjon til ei liste over folk som har f\u00e5tt Kongens fortenstmedalje. N\u00e5r eg ser p\u00e5 den lista, sl\u00e5r det meg at det er ganske langt mellom mottakarane. Eg lurer p\u00e5 om det kjem av at det er f\u00e5 som fortener medaljen, eller om det er f\u00e5 som det blir s\u00f8kt for. Det er jo slik at ein m\u00e5 s\u00f8ke, og d\u00e5 m\u00e5 nokon ta initiativet til \u00e5 lage s\u00f8knaden f\u00f8r ordf\u00f8raren kan st\u00f8 s\u00f8knaden, som skal g\u00e5 gjennom fylkesmannen. Vi burde vere flinkare til \u00e5 heidre kvarandre, det er til og med bibelsk, der st\u00e5r det: Kappast om \u00e5 heidra kvarandre.<\/p>\n<p>Gratulerer til begge. Det var vel fortent.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I helga var det kongeleg medaljedryss over Setesdal. Laurdagskvelden fekk Annemor Sundb\u00f8 hederen for arbeidet ho har lagt ned til beste for strikking gjennom eit kvart \u00e5rhundre. Ho er jo blitt statsstipendiat og f\u00e5r fast inntekt for si formidling av kvinnekultur gjennom b\u00f8ker og foredrag. Kampen for tilv\u00e6ret er dermed noko lettare enn d\u00e5 ho &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kongens-medaljer-16655017\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kongens medaljer<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16655017","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16655017"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16655017"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16655017\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16655017"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16655017"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16655017"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}