{"id":16639376,"date":"2013-10-21T12:32:58","date_gmt":"2013-10-21T12:32:58","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/10\/bygdeutvikling-i-valle-radio-16639376\/"},"modified":"2013-10-21T12:32:58","modified_gmt":"2013-10-21T12:32:58","slug":"bygdeutvikling-i-valle-radio-16639376","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bygdeutvikling-i-valle-radio-16639376\/","title":{"rendered":"Bygdeutvikling i Valle Radio"},"content":{"rendered":"<p>Tida g\u00e5r fort, no er det snart ei veke sidan eg hadde med meg \u00c5se Ingebj\u00f8rg Flateland i Valle Radio for \u00e5 snakke om Bygdeutvikling. Ho var gjest i Haralds time onsdagskvelden, og det vart ein triveleg time. \u00c5se Ingebj\u00f8rg har snart vore bonde i 30 \u00e5r og ho har f\u00e5tt utmerking for b\u00e5de 15 og 20 \u00e5r som leverand\u00f8r av elitemj\u00f8lk. Likevel tok ho seg tid dei siste tre \u00e5ra til \u00e5 skaffe seg fagleg p\u00e5fyll p\u00e5 H\u00f8gskulen for Landbruk og Bygdeutvikling p\u00e5 S\u00e6rheim p\u00e5 J\u00e6ren. Tre \u00e5r jobba ho i eit desentralisert studieopplegg og skaffa seg bachelorgrad som ein av til no 12 personar.<\/p>\n<p>Dette fortalde ho levande om i den timen vi hadde saman. Vi n\u00e5dde ikkje \u00e5 spele musikk, for praten gjekk lett om mange ulike emne. Eg hadde tjuvstarta litt og lese litt p\u00e5 heimesidene til skulen, men eg hadde ikkje f\u00e5tt med meg kva oppg\u00e5va hennar hadde vore. S\u00e5 var det <em>Smaken av Setesdal<\/em> kunne ho fortelje, dette har sidan blitt utvikla til eit selskap med sju deltakarar, d\u00e5 ho jobba med det var det eit prosjekt i regi av Setesdal Regionr\u00e5d, som ho fekk knyte seg til.<\/p>\n<p>\u00c5 drive gard i Valle er ikkje s\u00e5 lett, dei naturgjevne tilh\u00f8va er ikkje heilt tilpassa det som vert krevd i dag, for \u00e5 kunne leve av det m\u00e5 ein helst ha stor besetning, og d\u00e5 m\u00e5 ein ha mykje jord, s\u00e5 \u00c5se Ingebj\u00f8rg fortalde at ho leigde jord mange stader rundt i bygda. Dei er bare fem b\u00f8nder att som driv med kyr, ein i Hylestad og fire i Valle. Ho har ikkje drive med sauer, men trongen for kulturlandskapspleie n\u00e6r husa heime har gjort at ho vil f\u00e5 nokre sauer som kan gnage, slik at ho slepp \u00e5 bruke \u00f8ks og sag n\u00e5r runningane vert store.<\/p>\n<p>Kulturlandskapspleie er ein viktig del av det folk set pris p\u00e5 ved bonden sitt arbeid i v\u00e5re dagar, matproduksjon er visst ikkje s\u00e5 viktig lenger om ein skal tru unders\u00f8kingar som er gjort, mange meiner at ein kan f\u00e5 mat fr\u00e5 andre land. Men dei aller fleste vil ha opne landskap, s\u00e5 bonden sitt arbeid med \u00e5 halde nede tilvekst av lauvskog gjennom \u00e5 ha dyr som beiter, set folk stor pris p\u00e5. Vi snakka noko om det, og vi snakka og om dei mange ubrukte driftsbygningane som st\u00e5r rundt om, og om nokre av dei kan takast i bruk til andre f\u00f8rem\u00e5l. \u00c5se Ingebj\u00f8rg hang med p\u00e5 alle emna, leiaren i Valle bondelag og tidlegare i Aust-Agder bondelag var lett med sj\u00f8lv om samtalen var b\u00e5de springande og variert i emna. \u00c5 ha ein slik gjest i studio er ei stor glede og gjer det inspirerande \u00e5 lage radio. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tida g\u00e5r fort, no er det snart ei veke sidan eg hadde med meg \u00c5se Ingebj\u00f8rg Flateland i Valle Radio for \u00e5 snakke om Bygdeutvikling. Ho var gjest i Haralds time onsdagskvelden, og det vart ein triveleg time. \u00c5se Ingebj\u00f8rg har snart vore bonde i 30 \u00e5r og ho har f\u00e5tt utmerking for b\u00e5de 15 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bygdeutvikling-i-valle-radio-16639376\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bygdeutvikling i Valle Radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16639376","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16639376"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16639376"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16639376\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16639376"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16639376"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16639376"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}