{"id":16612341,"date":"2013-10-17T22:22:21","date_gmt":"2013-10-17T22:22:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/10\/meir-om-hasla-som-arets-srlandsbedrift-16612341\/"},"modified":"2013-10-17T22:22:21","modified_gmt":"2013-10-17T22:22:21","slug":"meir-om-hasla-som-arets-srlandsbedrift-16612341","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-hasla-som-arets-srlandsbedrift-16612341\/","title":{"rendered":"Meir om Hasla som \u00c5rets s\u00f8rlandsbedrift"},"content":{"rendered":"<p>I kveld s\u00e5g eg innom F\u00e6drelandsvennen si nettside om \u00c5rets s\u00f8rlandsbedrift.  <em>Litt etter klokka 23.00 torsdag har det lille Valle-foretaket opparbeidet seg en ledelse p\u00e5 n\u00e6rmere 200 stemmer i kvartfinalen mot Fibo Trespo fra Lyngdal.<\/em> Slik stod det d\u00e5 p\u00e5 sida.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje om innslaget i onsdagssendinga i Valle Radio var til noko hjelp, til no har ikkje avisa skrive om at det kom ein auke i stemmetalet i tida etter klokka 19 i g\u00e5r, d\u00e5 eg hadde prata med \u00d8rnulf om dette p\u00e5 lufta. Han kunne fortelje at han var heilt overvelda over i det heile tatt \u00e5 kome med i konkurransen, utvald av jury. Han visste ikkje kven som hadde foresl\u00e5tt Hasla, det kunne visst kven som helst gjere p\u00e5 avisa si Facebook-side i ein periode, etter det eg forstod. Men av dei mange forslaga hadde ein fagjury plukka ut Hasla som einaste bedrift i Aust-Agder til \u00e5 vere med. Om no Hasla ikkje kom med til semifinalen, var det siger bare \u00e5 vere med i f\u00f8rste runde, meinte han.<\/p>\n<p>No ser det ut til at Hasla g\u00e5r til semifinalen. Denne gongen hadde runden meir enn tusen sms-stemmer, det var til no runden med fleste stemmer, s\u00e5 det ligg god innsats bak resultatet om no Hasla g\u00e5r vidare. Vi snakka om at Lyngdal Radio neppe hadde lagt opp til \u00e5 gje Fibo Trespo drahjelp, og om du hyrde Valle Radio i g\u00e5r og s\u00e5 gjekk inn og stemde, s\u00e5 var det medverkande til at Hasla fekk stemmer. I tillegg hadde dei jo mobilisert i sosiale medier, der er Hasla flinkare enn mange.<\/p>\n<p>Lukke til med vidare innsats. Har du ikkje stemt, m\u00e5 du sende BEDIFT E til 03811 f\u00f8r klokka 08 i morgon, fredag. Les meir her: http:\/\/www.fvn.no\/okonomi\/bedrift\/2489941.html#.UmBgvlB7Itp<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld s\u00e5g eg innom F\u00e6drelandsvennen si nettside om \u00c5rets s\u00f8rlandsbedrift. Litt etter klokka 23.00 torsdag har det lille Valle-foretaket opparbeidet seg en ledelse p\u00e5 n\u00e6rmere 200 stemmer i kvartfinalen mot Fibo Trespo fra Lyngdal. Slik stod det d\u00e5 p\u00e5 sida. Eg veit ikkje om innslaget i onsdagssendinga i Valle Radio var til noko hjelp, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-hasla-som-arets-srlandsbedrift-16612341\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om Hasla som \u00c5rets s\u00f8rlandsbedrift<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16612341","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16612341"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16612341"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16612341\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16612341"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16612341"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16612341"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}