{"id":16536509,"date":"2013-10-10T14:22:55","date_gmt":"2013-10-10T14:22:55","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/10\/meir-om-deling-16536509\/"},"modified":"2013-10-10T14:22:55","modified_gmt":"2013-10-10T14:22:55","slug":"meir-om-deling-16536509","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-deling-16536509\/","title":{"rendered":"Meir om deling"},"content":{"rendered":"<p>Tysdag var det tid for deling p\u00e5 Valle folkebibliotek. Mari Senumstad Hauge delte lesaropplevingar med sju personar som hadde teke seg tid til \u00e5 ta lunsjpausen p\u00e5 biblioteket. Sj\u00f8lv kom eg halvveges ut i programmet, eg trudde det tok til klokka 12.30, men starttid var klokka 12, s\u00e5 eg fekk bare med meg halvparten. Men det var ein god halvpart, ho sette fokus p\u00e5 b\u00f8ker eg ikkje hadde bladd i f\u00f8r. Det gjorde ho p\u00e5 ein flott og interessant m\u00e5te, s\u00e5 det var ikkje vanskeleg \u00e5 late seg friste til \u00e5 l\u00e5ne av dei reiseskildringane ho trekte fram.<\/p>\n<p>Det vart likevel ikkje til at eg l\u00e5nte noko der og d\u00e5, for etter innlegget hennar serverte Lisbeth Dalquist Homme nydeleg eplekake og sjokoladekake til ein kopp kaffi, og d\u00e5 fekk eg ein hyggeleg prat med Leonhard Jansen og Knut K. Homme. D\u00e5 Leonhard m\u00e5tte g\u00e5 etter eit bel, vart eg sitjande og prate med Knut og vi var innom mangt og mykje. Knut fortalde at han las bloggen min med stor interesse kvar dag; eg seier med Salve \u00d8ina som fekk Kongens fortenstmedalje: -Eg kan ikkje seie eg ikkje er kry! S\u00e5 snakka vi om Setesdalswiki i h\u00f8ve til leksikon generelt og wikipedia, deretter hadde vi ein interessant samtale om Norsk Ordbok, Knut visste mykje om dette verket som eg ikkje hadde peiling p\u00e5.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 Norsk Ordbok kom vi og inn p\u00e5 arbeidet med vallemal.no, som gjer at Knut ikkje f\u00e5r h\u00f8yre s\u00e6rleg mykje p\u00e5 Valle Radio, for kvar einaste onsdag er han i arbeid med ordtilfanget til nettstaden, og ettersom Norsk Ordbok no arbeider med dei siste bokstavane i alfabetet, gjer ogs\u00e5 gruppa bak vallemal.no det, for dermed \u00e5 kunne gje tilfang til arbeidet med Norsk Ordbok.<\/p>\n<p>Medan praten gjekk om laust og fast, kom Knut til \u00e5 nemne at han skulle p\u00e5 eit bokbindarkurs p\u00e5 Rauland. Eg spurde d\u00e5 om han heldt p\u00e5 med bokbinding, og d\u00e5 sa han at han ikkje kunne halde p\u00e5 heime, for han hadde ikkje det spesialutstyret som skulle til. Han hadde til og med leita p\u00e5 finn.no for \u00e5 sj\u00e5 om det var r\u00e5d \u00e5 finne ei gamal bokpresse som han kunne f\u00e5 overta, men ikkje funne noko. Det f\u00f8rte til at eg i g\u00e5r sette meg til \u00e5 leite litt for \u00e5 sj\u00e5 om eg fann noko, og d\u00e5 kunne eg dele med meg lenker til fleire slike presser, slik at han kunne sj\u00e5 om han ville pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 kontakt med seljar.<\/p>\n<p>Internett gjev oss heilt ny hjelp til \u00e5 kunne dele med kvarandre. Difor deler eg denne bloggen med deg n\u00e5r eg no trykkjer p\u00e5 Lagre og sender tankane mine vidare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdag var det tid for deling p\u00e5 Valle folkebibliotek. Mari Senumstad Hauge delte lesaropplevingar med sju personar som hadde teke seg tid til \u00e5 ta lunsjpausen p\u00e5 biblioteket. Sj\u00f8lv kom eg halvveges ut i programmet, eg trudde det tok til klokka 12.30, men starttid var klokka 12, s\u00e5 eg fekk bare med meg halvparten. Men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-deling-16536509\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om deling<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16536509","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16536509"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16536509"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16536509\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16536509"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16536509"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16536509"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}