{"id":16504572,"date":"2013-10-07T12:10:35","date_gmt":"2013-10-07T12:10:35","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/10\/delingskultur-16504572\/"},"modified":"2013-10-07T12:10:35","modified_gmt":"2013-10-07T12:10:35","slug":"delingskultur-16504572","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/delingskultur-16504572\/","title":{"rendered":"Delingskultur"},"content":{"rendered":"<p>Ei heil veke haustferie utan \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen, det m\u00e5 vel kallast ferie. Men no er skulen i gong att, og dermed er det vel tid \u00e5 kom i gang med blogging att.<\/p>\n<p>Sist m\u00e5ndag kom eg til \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 eit program i EKKO, programmet p\u00e5 P2 som g\u00e5r fr\u00e5 klokka 9 til 11. Dei snakka om delingskultur, det at ein har f\u00e5tt appar p\u00e5 mobiltelefonane som held styr p\u00e5 mange delingsprosjekt som ein f\u00f8r ikkje kunne gjennomf\u00f8re. Dei fortalde om folk som byttel\u00e5ner hus og leiligheter, om nettstad der ein kan sp\u00f8rje etter skyss for seg sj\u00f8lv eller ein pakke og f\u00e5 ordna det med folk som likevel skal same vegen. Heidi Lunde var i studio og snakka om blokker i byar der folk har 60 drillar, det hadde jo vore meir fornuftig \u00e5 ha tre drillar som folk kunne bytast om \u00e5 bruke, i staden for \u00e5 ha 60 drillar som mest aldri vert brukte. Ein byttesentral i ei slik blokk kunne gje grunnlag for mykje sosialt liv og sterk reduksjon i alt folk samlar p\u00e5. Industrisamfunnet var oppteke av at folk skulle eige sj\u00f8lv, men i det post-industrielle samfunnet trong det ikkje vere s\u00e5 viktig, i v\u00e5rt samfunn burde ein heller dele p\u00e5 godene i staden for \u00e5 eige.<\/p>\n<p>Biblioteket er eit slikt senter for delingskultur. Der er prinsippet om at det skal vere gratis, sv\u00e6rt viktig. I programmet vart det og snakka om grupper som gjev b\u00f8ker vidare n\u00e5r dei er lesne, ein treng jo ikkje eige stappfulle bokhyller, s\u00e6rleg ikkje n\u00e5r ein i tillegg til \u00e5 finne b\u00f8kene p\u00e5 biblioteket, i mange tilfelle ogs\u00e5 kan finne dei p\u00e5 Internett. Kulturen v\u00e5r er i endring, ikkje minst musikken syner det. No kj\u00f8per ikkje folk CD-ar lenger, musikken vert streama via datamaskinen til musikkanlegget i stova s\u00e5 vel som via mobiltelefonen til h\u00f8yretelefonar n\u00e5r ein er p\u00e5 farten.<\/p>\n<p>Same dagen som eg h\u00f8yrde dette programmet, opplevde kona mi og eg tilsvarande delingskultur p\u00e5 parkeringsplassen til S\u00f8rlandet Sykehus Kristiansand. F\u00f8r var det eit system der kor ein drog kort i ein kortautomat og betalte for tida ein hadde st\u00e5tt n\u00e5r ein henta bilen. Men etter at dei for ei tid tilbake endra systemet, har eg alltid med meg kontantar n\u00e5r eg skal parkere der, for systemet med \u00e5 bruke kort er for innfl\u00f8kt for ei s\u00e5 enkel sjel som meg. Men denne dagen slapp eg \u00e5 betale, for det kom ein som hadde blitt ferdig tidlegare enn han hadde trudd, og som difor hadde ein parkeringslapp som framleis hadde mykje tid til overs. Den fekk vi, og vi sa ikkje nei takk til ei slik g\u00e5ve ein m\u00e5ndagsmorgon.<\/p>\n<p>Delingskultur har ein nok hatt til alle tider. Dugnad kallast det, og Valle Radio er eit slikt produkt. Gled deg over at folk vil dele med seg litt av det dei har ogs\u00e5 gjennom denne kanalen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ei heil veke haustferie utan \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen, det m\u00e5 vel kallast ferie. Men no er skulen i gong att, og dermed er det vel tid \u00e5 kom i gang med blogging att. Sist m\u00e5ndag kom eg til \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 eit program i EKKO, programmet p\u00e5 P2 som g\u00e5r fr\u00e5 klokka 9 til &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/delingskultur-16504572\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Delingskultur<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16504572","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16504572"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16504572"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16504572\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16504572"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16504572"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16504572"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}