{"id":16445289,"date":"2013-09-24T15:25:02","date_gmt":"2013-09-24T15:25:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/09\/om-a-vente-16445289\/"},"modified":"2013-09-24T15:25:02","modified_gmt":"2013-09-24T15:25:02","slug":"om-a-vente-16445289","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-a-vente-16445289\/","title":{"rendered":"Om \u00e5 vente"},"content":{"rendered":"<p>I fjor haust kom nokre av elevane p\u00e5 Valle Vaksenoppl\u00e6ring ikkje med bussen klokka 7.20. Dei hadde stilt seg i inngangen til Menighetshuset som ikkje lenger er Menighetshus for \u00e5 f\u00e5 ly for vind og regn ein tidleg novembermorgon. Bussen var litt sein denne morgonen, s\u00e5 d\u00e5 den kom til Valle og s\u00e5g at det ikkje stod nokon p\u00e5 busshaldeplassen, dura sj\u00e5f\u00f8ren bare rett gjennom sentrum og var borte f\u00f8r dei fekk styrte seg ut i regnet.<\/p>\n<p>Den hendinga fekk meg til \u00e5 etterlyse eit venterom i Valle sentrum. Eg gjorde det i radioen og p\u00e5 bloggen, men eg gjorde det og p\u00e5 jolebordet til Valle kommune i eit k\u00e5seri eg hadde blitt beden om \u00e5 halde der. Innlegget hausta klappsalvar, dei var truleg h\u00f8flege og velmeinte, men til no har ikkje noko skjedd. No st\u00e5r ein ny haust for d\u00f8ra med regn og bl\u00e5st, bare vent, vi veit det vil kome, og Otra Kraft lever av regnet som fell her i heiane, s\u00e5 indirekte lever vi og av det gjennom skattane dei betalar, og straumen vi betalar for vil vi jo ha, s\u00e5 sj\u00f8lv om vi ikkje likar regnet, tolererer vi store mengder nedb\u00f8r om hausten.<\/p>\n<p>Det er vel ikkje s\u00e5 farleg med eit buss-skur? Alle har jo bil, s\u00e5 ingen treng vel det her oppe i dalen. S\u00e5 er det bare slik at det av og til er slik at ein tek bussen til byen i staden for \u00e5 k\u00f8yre bil. Grunnane kan vere mange, eg skal ikkje g\u00e5 inn p\u00e5 dei. Men buss-skur manglar vi framleis.<\/p>\n<p>Det kan vel ikkje vere s\u00e5 kostbart \u00e5 f\u00e5 Valle Modellverkstad til \u00e5 lage ein ekstra stor gapahuk og setje opp ved sida av Frikyrkja, slik at folk kan f\u00e5 ly for regnet utan \u00e5 risikere at bussen forsvinn i det fjerne. Kan noko bli gjort i haust eller m\u00e5 det g\u00e5 eit nytt \u00e5r?<\/p>\n<p>Medan eg snakkar om venting. Det har vore p\u00e5 tale \u00e5 f\u00e5 betre lys i trappa til Valle Radio. I ein m\u00f8rk haustkveld er det meinljos der og lett \u00e5 snuble. Det skal bli interessant \u00e5 sj\u00e5 kva som kjem f\u00f8rst, flaumlys i trappa eller ventebu i sentrum. Den som lever, f\u00e5r sj\u00e5.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I fjor haust kom nokre av elevane p\u00e5 Valle Vaksenoppl\u00e6ring ikkje med bussen klokka 7.20. Dei hadde stilt seg i inngangen til Menighetshuset som ikkje lenger er Menighetshus for \u00e5 f\u00e5 ly for vind og regn ein tidleg novembermorgon. Bussen var litt sein denne morgonen, s\u00e5 d\u00e5 den kom til Valle og s\u00e5g at det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-a-vente-16445289\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Om \u00e5 vente<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16445289","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16445289"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16445289"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16445289\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16445289"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16445289"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16445289"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}