{"id":16392331,"date":"2013-09-13T21:48:19","date_gmt":"2013-09-13T21:48:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/09\/lang-i-maska-16392331\/"},"modified":"2013-09-13T21:48:19","modified_gmt":"2013-09-13T21:48:19","slug":"lang-i-maska-16392331","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/lang-i-maska-16392331\/","title":{"rendered":"Lang i maska"},"content":{"rendered":"<p>I dag gjekk eg inn p\u00e5 Coop Valle for \u00e5 heve gevinst p\u00e5 eit Flax-lodd eg vann i Valle Radio i v\u00e5r ein gong. Det var 250 kroner i gevinst, og eg tenkte at det kunne vere gode pengar \u00e5 ta med seg til helga. Eg hadde ikkje somla meg til \u00e5 hente pengane f\u00f8r, tenkte det var godt \u00e5 ha dei i bakhand den gongen eg skrapte loddet og s\u00e5g at eg hadde vunne.<\/p>\n<p>-Loddet er g\u00e5tt ut p\u00e5 dato, det er ikkje verd noko, var svaret eg fekk. Eg trur det var 25. mai som var fristen.<\/p>\n<p>Overskrifta p\u00e5 denne bloggposten syner kva eg f\u00f8lte der eg stod. D\u00e5 eg kom heim til Mandal i dag, fortalde eg det til kona og sa at eg hadde tapt 250 kroner.<\/p>\n<p>-Det har du ikkje sa ho, for du la ikkje ut noko for \u00e5 f\u00e5 det loddet.<\/p>\n<p>Sant nok, eg fekk det heilt gratis, s\u00e5 ho har heilt rett. Men om eg hadde somla meg til \u00e5 hente gevinsten i v\u00e5r, s\u00e5 hadde eg vore 250 kroner rikare, og det hadde jo vore gode pengar \u00e5 ta med seg.<\/p>\n<p>Denne onsdagskvelden deltok eg ikkje eingong i Opi sending, s\u00e5 eg hadde ikkje noko nytt Flax-lodd \u00e5 skrape heller. Eg vonar at dei som deltok, fekk lodd som ikkje var g\u00e5tt ut p\u00e5 dato, for eg veit at radioen kj\u00f8pte inn mange lodd, og dersom nokre lodd l\u00e5g over fr\u00e5 v\u00e5rsesongen, kan dei kanskje vere utg\u00e5tt p\u00e5 dato. Eg vil difor r\u00e5 folk til \u00e5 sjekke kor lenge dei varer, slik at dei ikkje st\u00e5r i butikken og opplever \u00e5 f\u00e5 like lang maske som eg fekk.<\/p>\n<p>At melk og kj\u00f8levarer g\u00e5r ut p\u00e5 dato, det kan ein jo skj\u00f8ne. Men at Flax-lodd skal g\u00e5 ut p\u00e5 dato, det er jo litt meir uskj\u00f8neleg. Dei vert jo ikkje sure. Den som ikkje vinn, kan jo verte litt sur om han har brukt eigne pengar p\u00e5 \u00e5 kj\u00f8pe lodd og s\u00e5 ikkje f\u00e5r att noko. Men det er noko anna.<\/p>\n<p>Eg f\u00e5r kanskje likevel investere i eit Flax-lodd av eiga lommebok ein dag, skrape det i butikken og hente gevinsten med det same og f\u00e5 bort den sure smaken av Flax-lodd g\u00e5tt ut p\u00e5 dato. I alle fall om eg skrapar fram den store gevinsten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag gjekk eg inn p\u00e5 Coop Valle for \u00e5 heve gevinst p\u00e5 eit Flax-lodd eg vann i Valle Radio i v\u00e5r ein gong. Det var 250 kroner i gevinst, og eg tenkte at det kunne vere gode pengar \u00e5 ta med seg til helga. Eg hadde ikkje somla meg til \u00e5 hente pengane f\u00f8r, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/lang-i-maska-16392331\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Lang i maska<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16392331","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16392331"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16392331"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16392331\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16392331"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16392331"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16392331"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}