{"id":16374108,"date":"2013-09-10T19:34:24","date_gmt":"2013-09-10T19:34:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/09\/rop-med-jubel-for-herren-all-jorda-16374108\/"},"modified":"2013-09-10T19:34:24","modified_gmt":"2013-09-10T19:34:24","slug":"rop-med-jubel-for-herren-all-jorda-16374108","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rop-med-jubel-for-herren-all-jorda-16374108\/","title":{"rendered":"Rop med jubel for Herren, all jorda!"},"content":{"rendered":"<p><em>Jauchzet dem Herren alle Welt <\/em> var tittelen p\u00e5 motetten av Felix Mendelssohn som Niklos K. Besteland hadde funne fram i kveldens Postludium. Eg omsette tittelen til norsk, han er henta fr\u00e5 Salme 100, og nyttar den til overskrift i kveld.<\/p>\n<p>Med denne sette han eit fint punktum for programmet denne kvelden. F\u00f8rst hadde han den kjende bryllupsmarsjen, deretter motetten, f\u00f8r han avslutta med den nydelege Andante i D-dur, melodisk og fin \u00e5 nynne p\u00e5 i haustkvelden.<\/p>\n<p>S\u00e5 hadde eg ikkje meir enn slutta av Kyrkjebakken-innslaget med \u00e5 snakke om det som skal vere denne veka, f\u00f8r Olav F\u00f8reland vara p\u00e5 telefonen fr\u00e5 S\u00f8gne. Han var ein av dei tre som hadde h\u00f8yrt p\u00e5 Internett i kveld og som ville takke for eit fint program. Han sende s\u00e6rleg helsing til Niklos for musikken han hadde funne fram og nemnde spesielt stykket som er overskrift for denne bloggposten.<\/p>\n<p>Men ogs\u00e5 tidlegare i kveld var dette temaet i fleire innslag. P\u00e5 Evje, eller rettare sagt i Flatebygd bedehus, skal dei i morgon ha b\u00f8nn, lovsang og takk for hjelp, styrke og legedom som Gud har gjeve til nokre som har vore r\u00e5ka av sjukdom der. Erik Albert fr\u00e5 Normisjon fortalde om det i den aktuelle halvtimen klokka 18.30 og \u00f8nskte alle som ville vere med p\u00e5 det velkomne til Flatebygd klokka 18 i morgon.<\/p>\n<p>Det same temaet var \u00c5ge Nevland inne p\u00e5. Han fyller 80 \u00e5r denne veka, og fortalde om korleis dotter hans hadde blitt helbreda etter \u00e5r med smerte og liding. Det var ikkje vanskeleg \u00e5 h\u00f8yre at han var takksam og glad i intervjuet Ellen S\u00f8rlien hadde med han i M\u00f8teplassen-programmet.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv er eg takksam for at eg f\u00e5r starte p\u00e5 ein ny radiosesong. Den f\u00f8rste songen i kveld var Mette&#038;Roger sin song: Et n\u00e5dens \u00e5r fra Herren. N\u00e5r vi no startar ein ny sesong, er det mi b\u00f8nn om at \u00e5ret som ligg framom oss, m\u00e5 bli det.<\/p>\n<p>P\u00e5 tampen i kveld vil eg gratulere min gode kollega \u00d8ystein Berg, som fyller \u00e5r i dag. Eg gl\u00f8ymde \u00e5 seie det p\u00e5 jobben i dag, men heldigvis minna Facebook meg om det, s\u00e5 eg fekk sende han ei helsing, og godt var det. Ein god kollega er og ein grunn til \u00e5 juble og \u00e5 takke.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Jauchzet dem Herren alle Welt var tittelen p\u00e5 motetten av Felix Mendelssohn som Niklos K. Besteland hadde funne fram i kveldens Postludium. Eg omsette tittelen til norsk, han er henta fr\u00e5 Salme 100, og nyttar den til overskrift i kveld. Med denne sette han eit fint punktum for programmet denne kvelden. F\u00f8rst hadde han den &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rop-med-jubel-for-herren-all-jorda-16374108\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Rop med jubel for Herren, all jorda!<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16374108","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16374108"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16374108"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16374108\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16374108"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16374108"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16374108"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}