{"id":16339271,"date":"2013-08-27T13:24:25","date_gmt":"2013-08-27T13:24:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/08\/historisk-dag-16339271\/"},"modified":"2013-08-27T13:24:25","modified_gmt":"2013-08-27T13:24:25","slug":"historisk-dag-16339271","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/historisk-dag-16339271\/","title":{"rendered":"Historisk dag"},"content":{"rendered":"<p>Sundag var ein stor dag p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd, skreiv eg i bloggen i g\u00e5r. Kan hende det er rett \u00e5 kalle den historisk. D\u00e5 vart fyrste spadestikket til ny kyrkje teke av ordf\u00f8rar Olaug Bollestad. Den gamle kyrkja p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd var bygd av DFU og private g\u00e5ver, ho kom p\u00e5 knapt 29.000 kroner i 1917. N\u00e5r den nye st\u00e5r ferdig om eit \u00e5r, vil ho ha kosta om lag 50 millionar kroner.<\/p>\n<p>Eg var med p\u00e5 denne dagen. Som du ser p\u00e5 bileta p\u00e5 http:\/\/www.aftenbladet.no\/gjesdal\/Spadestikket-som-betyr-sa-mye-3239060.html#.UhyjctJHJFv var det ein solskinnsdag og eit par hundre menneske var samla, f\u00f8rst til gudsteneste, deretter til kyrkjekaffe og grillmat f\u00f8r det var tale og tid for graving.<\/p>\n<p>Gudstenesta var heilt spesiell, ikkje ofte eg har vore med p\u00e5 noko slikt. Eit band stilte seg opp i kord\u00f8ra og stod for sangen. Trompetar, keyboard, slagverk og gitarar i tillegg til fem vaksne vokalistar og fleire barn. Songane var litt meir moderne enn dei ein finn i salmeboka, den einaste ordin\u00e6re salma i heile gudstenesta var Dine l\u00f8fter er mange. Tekstane var store og tydelege p\u00e5 lerret framme i kyrkja, og forsangarane kunne lese fr\u00e5 ein skjerm p\u00e5 orgelgalleriet. Midt i kyrkja sat ein ung gut og styrde lyden, all tale var med mikrofon. Ettersom halvparten av kyrkjelyden var barn og ungdom, var det lagt vekt p\u00e5 \u00e5 aktivisere i preika, mellom anna ved bes\u00f8k av figuren Billy, ein fantasifugl, og d\u00e5 preika var slutt, var det 10-fingers bingo. Teksten denne dagen var om dei som fekk lik l\u00f8nn for ulikt arbeid, s\u00e5 alle fekk premie, ikkje bare den som hadde bingo. Premien fekk vi ved utgangen, ein gullmynt, den kunne vere eit minne om preika som ein kunne ta vare p\u00e5, eller ein kunne ha den som konfekt til kyrkjekaffien, om ein ville det, for bak gullpapiret var det sjokolade.<\/p>\n<p>Det var nattverd i gudstenesta, og den var ikkje bare for dei gamle, nei her stod barn og unge i k\u00f8 for \u00e5 f\u00e5 br\u00f8d og vin. Og kollekten gjekk naturleg nok til kyrkjefondet. Det er faste gjevarar og det er innsamling gjennom kollektar. F\u00f8rste komite for ny kyrkje var sett ned i 1982, s\u00e5 det har teke 30 \u00e5r \u00e5 kome til byggestart. No gleder folk seg over at om eit \u00e5r, st\u00e5r kyrkja klar til \u00e5 takast i bruk. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sundag var ein stor dag p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd, skreiv eg i bloggen i g\u00e5r. Kan hende det er rett \u00e5 kalle den historisk. D\u00e5 vart fyrste spadestikket til ny kyrkje teke av ordf\u00f8rar Olaug Bollestad. Den gamle kyrkja p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd var bygd av DFU og private g\u00e5ver, ho kom p\u00e5 knapt 29.000 kroner i 1917. N\u00e5r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/historisk-dag-16339271\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Historisk dag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16339271","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16339271"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16339271"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16339271\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16339271"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16339271"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16339271"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}