{"id":16142061,"date":"2013-06-18T20:54:01","date_gmt":"2013-06-18T20:54:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/06\/meteoritt-i-valle-16142061\/"},"modified":"2013-06-18T20:54:01","modified_gmt":"2013-06-18T20:54:01","slug":"meteoritt-i-valle-16142061","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meteoritt-i-valle-16142061\/","title":{"rendered":"Meteoritt i Valle"},"content":{"rendered":"<p>Dersom eg hadde hatt ansvaret for onsdagssendinga i Valle Radio i morgon, noko eg ikkje har, for det er sommarferie og inga sending, hadde eg nok pr\u00f8vd \u00e5 f\u00e5 ein prat med mannen som fann Valle-meteoritten. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Valle-meteoritten<\/p>\n<p>Han heiter Terje Fjeldheim, er ingeni\u00f8r fr\u00e5 Kongsberg og arbeider i Nordsj\u00f8en. Etter ein tur i Rogaland kom han over Brokke-Suleskar og tenkte \u00e5 ta nokre dagar \u00e5 fiske p\u00e5 fjellet. Om han gjorde det, veit eg ikkje, men det vart nok ikkje s\u00e5 mykje snakk om fiskelukke etter den turen. I ei myr p\u00e5 fjellet fann han ein meteoritt p\u00e5 mellom fire og fem kilo, den 4. st\u00f8rste meteoritten som er funnen i Norge. Det er bare funne 16 meteorittar p\u00e5 nesten 200 \u00e5r, s\u00e5 ein kan vel trygt seie at det var eit sjeldent funn.<\/p>\n<p>Terje Fjeldheim vil ikkje seie kor i Valle han fann meteoritten, for han vil heller tilbake til omr\u00e5det og leite litt meir sj\u00f8lv og ikkje late andre kome han i forkj\u00f8pet. Men han antyda at han ein gong seinare vil seie meir om kor han fann meteoritten.<\/p>\n<p>Saka kom p\u00e5 NTB, i F\u00e6drelandsvennen og i dagens Setesd\u00f8len. Etter det eg forst\u00e5r av Wikipedia, fall denne meteoritten ned 1. mars 2012. Den har alts\u00e5 lege i heia vel eit \u00e5r.<\/p>\n<p>I samtalen med Terje Fjeldheim ville eg gjerne f\u00e5tt vite kva han tenkte d\u00e5 han tok steinen med til Naturhistorisk Museum p\u00e5 Universitetet i Oslo. Truleg ville eg og pr\u00f8vd \u00e5 f\u00e5 tak i Knut J\u00f8rgen R\u00f8ed \u00d8deg\u00e5rd, han pleier \u00e5 vere entusiastisk i slike situasjonar. Eg trur det ville blitt god radio. Men no er det sommarferie, s\u00e5 slike journalistiske innfall f\u00e5r nok bare kvile i fantasien og kanskje dukke opp p\u00e5 bloggen min i sommar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dersom eg hadde hatt ansvaret for onsdagssendinga i Valle Radio i morgon, noko eg ikkje har, for det er sommarferie og inga sending, hadde eg nok pr\u00f8vd \u00e5 f\u00e5 ein prat med mannen som fann Valle-meteoritten. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Valle-meteoritten Han heiter Terje Fjeldheim, er ingeni\u00f8r fr\u00e5 Kongsberg og arbeider i Nordsj\u00f8en. Etter ein tur i Rogaland kom &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meteoritt-i-valle-16142061\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meteoritt i Valle<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16142061","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16142061"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16142061"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16142061\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16142061"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16142061"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16142061"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}