{"id":16118894,"date":"2013-06-12T20:03:40","date_gmt":"2013-06-12T20:03:40","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/06\/sa-kom-regnet-16118894\/"},"modified":"2013-06-12T20:03:40","modified_gmt":"2013-06-12T20:03:40","slug":"sa-kom-regnet-16118894","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sa-kom-regnet-16118894\/","title":{"rendered":"S\u00e5 kom regnet"},"content":{"rendered":"<p>Etter ein ganske lang periode med turt og fint ver, var det veromslag i dag og litt utp\u00e5 dagen kom regnet. Eg trur nok at det som veks og gror, likte det ganske godt, ein kunne mest kjenne angen i kveldslufta. Elevane mine har stelt kj\u00f8kkenhage i Ruslehaugen i \u00e5r og, i helga bar dei vatn heimefr\u00e5 for \u00e5 hjelpe t\u00f8rste planter, s\u00e5 eg trur nok dei gledde seg med det som veks over regnet i kveld.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv sette eg meg til med ei bok og gl\u00f8ymde det meste rundt meg, slik ein gjerne gjer n\u00e5r b\u00f8kene er gode. Etter kvart reiv eg meg laus og tok ein tur p\u00e5 datamaskinen og fekk lagt inn overskriftene i ei av mange Setesd\u00f8len som enno ikkje har kome p\u00e5 plass p\u00e5 Setesdalswiki. Her kan du sj\u00e5 overskriftene fr\u00e5 siste avisa i april 2006: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Setesd%C3%B8len_nr._33,_2006<\/p>\n<p>Det er alltid interessant \u00e5 lese i gamle aviser, s\u00e5 det tok helst litt lenger tid enn vanleg \u00e5 skrive inn overskriftene. Men no ligg dei der. Eg vonar at eg skal f\u00e5 skrive inn overskriftene fr\u00e5 nokre gamle aviser i dagane framover. I dag kom det ein kommentar til overskriftene fr\u00e5 g\u00e5rsdagens Setesd\u00f8len at heile avisa burde leggjast ut p\u00e5 Setesdalswiki, til d\u00f8mes eitt \u00e5r etter utgjevinga, d\u00e5 ville vel neppe avisa konkurrere med seg sj\u00f8lv. Det var Knut Olav Tveit som hadde denne kommentaren.<\/p>\n<p>Det er klart at det hadde gitt mykje spennande lesestoff om Setesd\u00f8len var p\u00e5 Internett. Men Setesdalswiki har leksikonformat, og det hadde ikkje vore heilt enkelt \u00e5 gjere om journalistisk stoff til eit format som h\u00f8ver i leksikon, s\u00e5 \u00e5 leggje ut avisa som avis eitt \u00e5r etter utgjevinga, m\u00e5tte nok vore i ei anna form enn stoffet i Setesdalswiki. Etter kvart er det blitt nesten 4200 artiklar i Setesdalswiki, s\u00e5 det er no litt lesestoff her og om du treng lokalstoff i regnveret.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter ein ganske lang periode med turt og fint ver, var det veromslag i dag og litt utp\u00e5 dagen kom regnet. Eg trur nok at det som veks og gror, likte det ganske godt, ein kunne mest kjenne angen i kveldslufta. Elevane mine har stelt kj\u00f8kkenhage i Ruslehaugen i \u00e5r og, i helga bar dei &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sa-kom-regnet-16118894\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">S\u00e5 kom regnet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16118894","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16118894"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16118894"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16118894\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16118894"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16118894"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16118894"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}