{"id":16114924,"date":"2013-06-11T20:46:39","date_gmt":"2013-06-11T20:46:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/06\/ei-stille-veke-16114924\/"},"modified":"2013-06-11T20:46:39","modified_gmt":"2013-06-11T20:46:39","slug":"ei-stille-veke-16114924","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei-stille-veke-16114924\/","title":{"rendered":"Ei stille veke"},"content":{"rendered":"<p>Siste veka har det igjen vore stille p\u00e5 bloggen. Eg har vore litt utan ord etter gravferda til Helge Dahle. Overvelda er kan hende eit ord ein kan bruke. B\u00e5de over hendinga og over oppslutninga i gravferda, der det sat 200 utanfor kyrkja, og der mest alle dei 400 plassene som var laga til minnesamv\u00e6ret i Vallehalli, var nytta.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lve minnesamv\u00e6ret er ikkje s\u00e5 lett \u00e5 gl\u00f8yme heller, med fin tale av \u00d8rnulf Hasla, ein biletkavalkade som kalla p\u00e5 b\u00e5de smil og latter sett saman av J\u00f8rund Georg Jore, song og musikk i god tradisjon. Andre kom med i minnetalane, i kveld tenkjer eg p\u00e5 Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund sine ord om Helge i jaktlaget og om arbeidskameraten (eg hugsar ikkje namnet p\u00e5 han) som fortalde s\u00e5 fint om arbeidsfellesskap med Helge i mange \u00e5r. Alt saman var h\u00f8veleg og godt \u00e5 ta med seg, og suppa, den smaka excellent, det same gjorde kakene. Dugnad bar heile arrangementet, det var s\u00e5 mange som ville vere med at det var visst helst lite oppg\u00e5ver til alle, etter det eg h\u00f8yrde.<\/p>\n<p>I dag var det takk til heile bygda fr\u00e5 Turid Brottveit, Tone Dahle og Eivind Dahle i Setesd\u00f8len.   Turid fortalde om ein blomestraum som synte medkjensle, og det var visst kome inn over 30.000 kroner til Luftambulansen. Mange var og p\u00e5 bes\u00f8k, ikkje bare presten, men han og. \u00d8rnulf fortalde at Terje Seilskj\u00e6r og hadde funne tid til eit bes\u00f8k hos han, noko han sette stor pris p\u00e5.<\/p>\n<p>S\u00e5 har livet g\u00e5tt vidare. Sundag, bare fem dagar etter gravferda, var det konfirmasjon i Valle med \u00e5tte unge i fokus for fest og glede. Slik vert kyrkja eit sentrum og lim i kulturen i bygda. Eg trur mange er samd med meg i at slik skal det vere. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Siste veka har det igjen vore stille p\u00e5 bloggen. Eg har vore litt utan ord etter gravferda til Helge Dahle. Overvelda er kan hende eit ord ein kan bruke. B\u00e5de over hendinga og over oppslutninga i gravferda, der det sat 200 utanfor kyrkja, og der mest alle dei 400 plassene som var laga til minnesamv\u00e6ret &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei-stille-veke-16114924\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ei stille veke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16114924","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16114924"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16114924"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16114924\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16114924"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16114924"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16114924"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}