{"id":16087038,"date":"2013-06-03T21:10:25","date_gmt":"2013-06-03T21:10:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/06\/eit-hyggeleg-mte-16087038\/"},"modified":"2013-06-03T21:10:25","modified_gmt":"2013-06-03T21:10:25","slug":"eit-hyggeleg-mte-16087038","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit-hyggeleg-mte-16087038\/","title":{"rendered":"Eit hyggeleg m\u00f8te"},"content":{"rendered":"<p>Torsdag var eg til ein kontroll p\u00e5 sjukehuset i Kristiansand. Etter \u00e5 ha vore innom legen min, sendte han meg vidare. D\u00e5 eg kom fram til neste plass, vart eg st\u00e5ande utanfor \u00e5 vente.<\/p>\n<p>-Gro, du har bes\u00f8k, var det ein sjukepleiar som ropte.<br \/>\n-Kjem snart, h\u00f8yrde eg svaret.<br \/>\nLike etter kom ein ny sjukepleiar ut fr\u00e5 eit rom, s\u00e5g meg og ropa:<br \/>\n-Gro, du har bes\u00f8k!<br \/>\nTredje sjukepleiaren kom ut fr\u00e5 ei anna d\u00f8r og ropa det same, d\u00e5 visste eg i alle fall at den eg skulle m\u00f8te, heitte Gro.<\/p>\n<p>Snart etter kom ei smilande sjukepleiar bortover korridoren mot meg.<\/p>\n<p>-Takk for sist, sa ho.<\/p>\n<p>Som den h\u00f8flege mannen eg pr\u00f8ver \u00e5 vere, svara eg med Takk for sist, men eg hadde ikkje peiling p\u00e5 kva tid det skulle vere eller kven det var eg snakka med.<\/p>\n<p>S\u00e5 prata vi litt, ho leita etter ei h\u00f8veleg blod\u00e5re som ho kunne sette ei spr\u00f8yte i, og d\u00e5 ho hadde funne den, s\u00e5g ho p\u00e5 meg, og s\u00e5 sa ho: -Du veit ikkje kven eg er.<\/p>\n<p>Eg m\u00e5tte seie som sant var, eg visste det ikkje.<\/p>\n<p>-Eg er Gro, dotter til Kari og Torleiv G. Bj\u00f8rgum, smilte ho.<\/p>\n<p>Eg hadde for s\u00e5 vidt grunn til \u00e5 ikkje kjenne henne att, det var vel n\u00e6rare 20 \u00e5r sidan eg hadde sett henne. Ho fortalde at ho hadde jobba i Kristiansand sidan 1998, f\u00f8r det var ho i Oslo. No var Kristin, dottera hennar, legestudent i Krakow. Det er d\u00e5 ein skj\u00f8ner at ein har vore lenge i Valle, dei som var unge d\u00e5 eg kom til Valle i 1991, har sj\u00f8lv vaksne born.<\/p>\n<p>Vi fekk oss ein hyggeleg prat over ei spr\u00f8yte p\u00e5 sjukehuset i Kristiansand. Men snart kom nye pasientar innom, og godt var det, for tida p\u00e5 parkeringa var g\u00e5tt ut d\u00e5 eg kom tilbake til bilen. Men heldigvis hadde ingen parkometervakter vore innom og lagt gebyrlapp p\u00e5 vindauga mitt, s\u00e5 eg kom meg derifr\u00e5 utan ekstra kostnad, eit hyggeleg m\u00f8te rikare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Torsdag var eg til ein kontroll p\u00e5 sjukehuset i Kristiansand. Etter \u00e5 ha vore innom legen min, sendte han meg vidare. D\u00e5 eg kom fram til neste plass, vart eg st\u00e5ande utanfor \u00e5 vente. -Gro, du har bes\u00f8k, var det ein sjukepleiar som ropte. -Kjem snart, h\u00f8yrde eg svaret. Like etter kom ein ny sjukepleiar &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit-hyggeleg-mte-16087038\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Eit hyggeleg m\u00f8te<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16087038","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16087038"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16087038"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16087038\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16087038"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16087038"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16087038"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}