{"id":16074216,"date":"2013-05-30T19:47:57","date_gmt":"2013-05-30T19:47:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/05\/lyset-gjekk-16074216\/"},"modified":"2013-05-30T19:47:57","modified_gmt":"2013-05-30T19:47:57","slug":"lyset-gjekk-16074216","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/lyset-gjekk-16074216\/","title":{"rendered":"Lyset gjekk"},"content":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden sat eg i studio i Valle Radio og hadde sending. F\u00f8rste delen av kvelden gjekk fint, Kvartert og Over ein open Bibel gjekk etter planen, det same gjorde f\u00f8rste delen av Aktuell time. \u00d8rnulf hadde eit fint minneord om Helge, etterp\u00e5 fortalde han om Naboskryt-konferansen som skulle vore p\u00e5 Hovden i neste veke, men som er utsett til hausten. S\u00e5 tok eg ein telefon til Reidar Tveito, som har laga eit nytt opplag av boka om Setesdalsbanen, det f\u00f8rste opplaget vart seld ut alt for tidleg. Midt i den samtalen gjekk lyset.<\/p>\n<p>Utan straum er det ikkje lett \u00e5 sende radio. Straumen var borte i eit halvt minutt, men eg m\u00e5tte starte fr\u00e5 begynnelsen av og kople meg opp, f\u00e5 i gang datamaskinane att, slik at sendinga kunne g\u00e5 vidare. Men ein veit i grunnen ikkje s\u00e5 mykje om kva som hender ved eit plutseleg straumbrot og kva som m\u00e5 til for \u00e5 kome p\u00e5 lufta igjen. Ein datamaskin starta automatisk, ein annan m\u00e5tte restartast. Korleis linja til Bykle vart p\u00e5verka, det m\u00e5tte eg bare gjette meg til. Eit par telefonar for \u00e5 kople opp, s\u00e5 h\u00f8yrde eg p\u00e5 radioen at vi var p\u00e5 lufta att og kunne g\u00e5 vidare.<\/p>\n<p>Akkurat d\u00e5 hadde det vore greitt \u00e5 ha nokon som visste meir enn meg om det tekniske \u00e5 snakke med, men d\u00e5 eg pr\u00f8vde \u00e5 ringe J\u00f8rund, var det bare telefonsvararen eg m\u00f8tte.<\/p>\n<p>Resten av sendinga gjekk i grunnen som planlagd. Men d\u00e5 sendinga var slutt, gl\u00f8ymde eg \u00e5 sende melding til Radio Evje. Om dei fall ut d\u00e5 vi hadde straumbrot, veit eg ikkje. Onsdag kom eg nedover dalen og ville h\u00f8yre p\u00e5 Radio Evje, men den var taus. D\u00e5 kom eg p\u00e5 at eg hadde gl\u00f8ymt \u00e5 sende melding etter sendinga kvelden f\u00f8r, s\u00e5 eg tok mobiltelefonen og sende melding der og d\u00e5, og plutseleg var det liv att. Eg er lei meg for det, men skuldar det nok litt p\u00e5 straumbrotet midt i sendinga mi.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden sat eg i studio i Valle Radio og hadde sending. F\u00f8rste delen av kvelden gjekk fint, Kvartert og Over ein open Bibel gjekk etter planen, det same gjorde f\u00f8rste delen av Aktuell time. \u00d8rnulf hadde eit fint minneord om Helge, etterp\u00e5 fortalde han om Naboskryt-konferansen som skulle vore p\u00e5 Hovden i neste veke, men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/lyset-gjekk-16074216\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Lyset gjekk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-16074216","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16074216"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=16074216"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/16074216\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=16074216"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=16074216"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=16074216"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}