{"id":15898539,"date":"2013-05-08T21:34:51","date_gmt":"2013-05-08T21:34:51","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/05\/sauer-ull-og-hyrding-15898539\/"},"modified":"2013-05-08T21:34:51","modified_gmt":"2013-05-08T21:34:51","slug":"sauer-ull-og-hyrding-15898539","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sauer-ull-og-hyrding-15898539\/","title":{"rendered":"Sauer, ull og hyrding"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var det Bj\u00f8rgulv T. Berg som hadde sendinga i Valle Radio. Han tok over for meg d\u00e5 eg fekk influensa og m\u00e5tte kaste inn handkleet. I den aktuelle timen snakka han fyrst med Torleiv Jore, som var travelt oppteken med lemming. Han meinte at ein m\u00e5tte ha tre lam under ein sau, det burde vere det normale. Han hadde og erfaring for at om ein sl\u00f8kte lyset i sauefjoset om natta, s\u00e5 kom det ikkje lam om natta, s\u00e5 han hadde slutta \u00e5 sove i sauefjoset i lemmetida.<\/p>\n<p>Deretter hadde Bj\u00f8rgulv Annemor Sundb\u00f8 p\u00e5 tr\u00e5den. Ho feirar jubileum i desse dagar, laurdag er det ope hus p\u00e5 Ose, Coop Marked Ose st\u00e5r for serveringa, for dei feirar og 20 \u00e5r i ny butikk. Annemor p\u00e5 Ose Ullvare held til i den gamle Coop-butikken p\u00e5 Ose, og laurdag opnar ho biblioteket sitt s\u00e5 folk kan sj\u00e5 oppskrifter og m\u00f8nsterb\u00f8ker. Utstillinga av votter og kofter er og oppe, og om ein ikkje er n\u00f8gd med serveringa p\u00e5 Coop, kan ein g\u00e5 p\u00e5 Turistheimen.<\/p>\n<p>Annemor var s\u00e6rleg oppteken av den gamle norske spelsauen, perspektivet hennar var at det einaste ein har att fr\u00e5 vikingtida, er ull fr\u00e5 denne sauen, laga til klede eller til segl. Det skulle mykje ull til \u00e5 lage segl til b\u00e5tane, alt m\u00e5tte spinnast av kvinner som valde ut den best eigna ulla til f\u00f8rem\u00e5let. Og det var p\u00e5 Uppstad denne sauen overlevde, utan at ein hadde teke vare p\u00e5 sauen der, ville sauen tilpassa norsk landskap gjennom 1000 \u00e5r ikkje lenger vore ein del av norsk dyreliv.<\/p>\n<p>Endeleg snakka Bj\u00f8rgulv med sokneprest Terje Seilskj\u00e6r, som fungerer som prost og som har s\u00f8kt p\u00e5 stillinga som er 50% og som no er ledig. Han fortalde kva stillinga inneber, mellom anna personalansvar for prestane i prostiet og oppg\u00e5ver med \u00e5 finne vikarar n\u00e5r nokon m\u00e5 ha fri av ein eller annnan grunn. Terje fortalde at han likte \u00e5 vere leiar og hadde leiarerfaring fr\u00e5 fleire stillingar, mellom anna fr\u00e5 S\u00f8gne Kultursenter\/S\u00f8gne Gamle Prestegard.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var det Bj\u00f8rgulv T. Berg som hadde sendinga i Valle Radio. Han tok over for meg d\u00e5 eg fekk influensa og m\u00e5tte kaste inn handkleet. I den aktuelle timen snakka han fyrst med Torleiv Jore, som var travelt oppteken med lemming. Han meinte at ein m\u00e5tte ha tre lam under ein sau, det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sauer-ull-og-hyrding-15898539\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sauer, ull og hyrding<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15898539","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15898539"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15898539"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15898539\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15898539"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15898539"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15898539"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}