{"id":15841871,"date":"2013-05-05T22:32:55","date_gmt":"2013-05-05T22:32:55","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/05\/den-opplyste-borger-15841870\/"},"modified":"2013-05-05T22:32:55","modified_gmt":"2013-05-05T22:32:55","slug":"den-opplyste-borger-15841870","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/den-opplyste-borger-15841870\/","title":{"rendered":"Den opplyste borger"},"content":{"rendered":"<p>I v\u00e5r tid melder fleire og fleire seg p\u00e5 i samfunnsdebatten. Alle er kanskje ikkje einige i den p\u00e5standen, men eg meiner no det. For ein som skal fylgje med, kan det vere greitt \u00e5 vite kven folk er som ein les eit innlegg av i VG, Dagbladet, F\u00e6drelandsvennen eller Setesd\u00f8len. Ja, sj\u00f8lv skribentane i Jol i Setesdal kan det vere interessant \u00e5 f\u00e5 vite noko om.<\/p>\n<p>Dei fyrste utg\u00e5vene av Jol i Setesdal hadde biografiske opplysningar om dei som skreiv. Sidan har desse falle ut, eg synest vel ikkje at det har vore med \u00e5 gjere heftet betre. Avisene har sjeldan s\u00e6rleg forfattarinformasjon p\u00e5 folk som skriv lesarinnlegg, litt meir om dei skriv kronikkar. Men ein m\u00e5 over lang tid byggje seg opp eit inntrykk av folk som tek del i samfunnsdebatten, som oftast utan \u00e5 finne informasjon om dei nokon stad.<\/p>\n<p>Difor var det ein revolusjon d\u00e5 Internett kom og ein etter kvart kunne finne mykje informasjon der. D\u00e5 dette vart sett i system med leksikonet Wikipedia, vart tilh\u00f8va mykje lettare for dei som leita etter slik informasjon. Her i landet kom informasjon fr\u00e5 b\u00f8ker og papirleksikon av ymse art til nytte, og den informasjonen tok eldsjeler til \u00e5 omforme til biografiske tekstar p\u00e5 Wikipedia.<\/p>\n<p>Men nettleksikonet har hatt ein politikk om at folk som skal vere omtalte, m\u00e5 vere meir enn lokalt interessante. Difor er det mest bare ordf\u00f8rarar og varaordf\u00f8rarar fr\u00e5 ei bygd som kjem med, om ein d\u00e5 ikkje har kunstnarlege publikasjonar av noko slag. Kronikkskribentar og lesarbrevforfattarar har ikkje f\u00e5tt plass i eit slikt nasjonalt leksikon.<\/p>\n<p>Difor har Setesdalswiki teke med mykje breiare n\u00e5r ein skal lage biografiar. P\u00e5 den nettstaden er det nok at vedkomande har ein funksjon i lokalmilj\u00f8et i Setesdal eller ein relasjon til dalen. Dei fleste som er med i Valle Radio har til d\u00f8mes f\u00e5tt sm\u00e5 artiklar i det lokale leksikonet.<\/p>\n<p>P\u00e5 Wikipedia slit ein med \u00e5 finne stoff til artiklar om nasjonalt kjende folk, anten dei er med i offentleg debatt eller p\u00e5 annan m\u00e5te har stukke hovudet litt fram. Men det veks litt kvar dag, folk likar \u00e5 lese sm\u00e5 biografiar om folk som er aktive i samfunnsdebatten. Det er ei nisje for stoff som Wikipedia dekker godt, og med Internett er stoffet tilgjengeleg p\u00e5 mobiltelefon eller nettbrett ved nokre f\u00e5 tastetrykk. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I v\u00e5r tid melder fleire og fleire seg p\u00e5 i samfunnsdebatten. Alle er kanskje ikkje einige i den p\u00e5standen, men eg meiner no det. For ein som skal fylgje med, kan det vere greitt \u00e5 vite kven folk er som ein les eit innlegg av i VG, Dagbladet, F\u00e6drelandsvennen eller Setesd\u00f8len. Ja, sj\u00f8lv skribentane i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/den-opplyste-borger-15841870\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Den opplyste borger<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65,71],"class_list":["post-15841871","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki","tag-wikipedia"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15841871"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15841871"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15841871\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15841871"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15841871"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15841871"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}