{"id":15773597,"date":"2013-04-20T20:26:49","date_gmt":"2013-04-20T20:26:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/04\/setesdalskonferansen-2013-andre-dagen-15773597\/"},"modified":"2013-04-20T20:26:49","modified_gmt":"2013-04-20T20:26:49","slug":"setesdalskonferansen-2013-andre-dagen-15773597","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-2013-andre-dagen-15773597\/","title":{"rendered":"Setesdalskonferansen 2013 &#8211; andre dagen"},"content":{"rendered":"<p>Eg avslutta g\u00e5rsdagens blogg med eit stev. Det er mogleg eg hugsar litt av det andre stevet ogs\u00e5 n\u00e5r eg tenkjer meg om:<\/p>\n<p>Me helsar Signe, ei grepa kvinne<br \/>\nsom gode l\u00f8ysingar let oss finne.<br \/>\nTil Erling Hellum me seier takk<br \/>\nhans st\u00f8nad heilt opp til Bj\u00e5en rakk.<\/p>\n<p>Meir om Setesdalskonferansen 2013 finn du p\u00e5 Setesdalswiki: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Setesdalskonferansen_2013<\/p>\n<p>Andre dagen starta med Gunnhild Hasla som fortalde om oppstarten av Hasla Markveien og om korleis dei har teke i bruk sosiale medier for \u00e5 halde kontakt med kunder. Dette er ein del av ein total mediestrategi, som og inneber at Haslasmykke har blitt profilerte i mange program p\u00e5 TV2.<\/p>\n<p>Hasla var og eit case som Siren Marcussen Neset brukte d\u00e5 ho fortalde om Skattefunn, eit opplegg der bedrifter f\u00e5r inntil 20% skattereduksjon for \u00e5 finansiere utviklingsprosjekt. Eit anna case var N\u00f8gne \u00d8, der hadde dei laga ein film som fortalde litt om prosjektet.<\/p>\n<p>Det knytta seg stor spenning til Einar Gelius sitt foredrag om Etikk og ledelse. Han var vel den einaste foredragshaldaren p\u00e5 kurset som ikkje brukte PowerPoint. I staden batt han foredraget saman med bokstavane MOT og hadde tre stikkord for kvar bokstav:<\/p>\n<p>Mot, mening, moro<br \/>\nOmsorg, oppmuntring, oppdrift<br \/>\nTid, tydelig, tillit<\/p>\n<p>I tillegg dukka det opp ein E til slutt i foredraget:<br \/>\nEngasjement, etikk, elske<\/p>\n<p>Med desse stikkorda heldt han m\u00f8telyden fast ein time og baud p\u00e5 erfaringar fr\u00e5 25 \u00e5r som prest og litt til. I samtalen etterp\u00e5 vart det b\u00e5de Tillit og Trofasthet nemnde som ord p\u00e5 T som kunne h\u00f8vd som stikkord, og han noterte seg innspela.<\/p>\n<p>Plutseleg var det s\u00e5 tid for avslutning, den tok Leiv Rygg, leiar i Setesdal Regionr\u00e5d seg av. S\u00e5 fekk komiteen g\u00e5ver, og to nye deltakarar melde seg til \u00e5 vere med i komiteen for neste \u00e5rs konferanse.<\/p>\n<p>Seks minutt f\u00f8r planlagt tid kunne s\u00e5 Styrk Fj\u00e6rtoft Trondsen takke for i \u00e5r og invitere folk til tomatsuppe med noko att\u00e5t f\u00f8r turen gjekk nedover Setesdal i str\u00e5lande sol og mange tankar rikare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg avslutta g\u00e5rsdagens blogg med eit stev. Det er mogleg eg hugsar litt av det andre stevet ogs\u00e5 n\u00e5r eg tenkjer meg om: Me helsar Signe, ei grepa kvinne som gode l\u00f8ysingar let oss finne. Til Erling Hellum me seier takk hans st\u00f8nad heilt opp til Bj\u00e5en rakk. Meir om Setesdalskonferansen 2013 finn du p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalskonferansen-2013-andre-dagen-15773597\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdalskonferansen 2013 &#8211; andre dagen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15773597","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15773597"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15773597"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15773597\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15773597"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15773597"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15773597"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}