{"id":15770934,"date":"2013-04-19T20:07:25","date_gmt":"2013-04-19T20:07:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/04\/ein-festkveld-med-noko-attat-15770934\/"},"modified":"2013-04-19T20:07:25","modified_gmt":"2013-04-19T20:07:25","slug":"ein-festkveld-med-noko-attat-15770934","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-festkveld-med-noko-attat-15770934\/","title":{"rendered":"Ein festkveld med noko att\u00e5t"},"content":{"rendered":"<p>Etter at hadde skrive bloggen i g\u00e5r, var det klart for festkveld p\u00e5 Hovden Fjellstoge. Det var der dagens bursdagsbarn Bj\u00f8rnar M\u00f8renskog, gratulerer med dagen, heldt til f\u00f8r han selde heile anlegget og reist til Spania for Sj\u00f8mannskirken. No er det ikkje avholdsanlegg lenger, og nokre av dei som var p\u00e5 festen, s\u00e5g nok djupare i glasset enn andre, for i dag var det litt mannefall p\u00e5 konferansen.<\/p>\n<p>Men maten me fekk der, den var kortreist og uts\u00f8kt, fiskemousse og andre fiskerettar, kortreist kj\u00f8tmat i mange variantar og moltekrem, trollkrem, karamellpudding og anna godt. Det hadde vore ein lang dag, og dei fleste var svoltne og let maten smake f\u00f8r Erling Hellum heldt talen for \u00e5rets vinnar av Setesdalsprisen. Per Birkeland p\u00e5 Byglandsfjord Sag har vore med p\u00e5 Setesdalskonferansen dei fleste \u00e5ra, han var med i komiteen som starta opp heile arrangementet i 2005 saman med Setesdal Bilruter, Nomeland Anleggsmaskiner, Hovden H\u00f8yfjellshotell og ei bedrift til som eg ikkje hugsar namnet p\u00e5, dei var dei fem st\u00f8rste bedriftene i Setesdal det \u00e5ret.<\/p>\n<p>Ole Prytz Bruun var kveldens kj\u00f8gemeister, og folk var oppmoda til \u00e5 teikne seg om dei ville kome med ei helsing under middagen. Det vart nokre stev, Leiv Rygg og Tor Hallvard Mosd\u00f8l hadde kvar sine og nokre andre og, eit par var nok slik at ein godt kunne unnvore dei, og eit par historier kom vel og i den gruppa. Og s\u00e5 takka Ingebj\u00f8rg Godskesen for maten.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv hadde eg tenkt \u00e5 ha eit stille m\u00e5ltid, men s\u00e5 kom \u00d8rnulf og bad meg lage to stev med namn til nokre av foredragshaldarane, s\u00e5 eg m\u00e5tte vere usosial ein periode og lage eit par stev. \u00d8rnulf kvo dei og hausta applaus for innsatsen, og n\u00e5r det regnar p\u00e5 presten, s\u00e5 dryp det p\u00e5 klokkaren. Etter at han var ferdig, spurde Petter Planke om \u00e5 f\u00e5 lappen med steva, og den fekk han av \u00d8rnulf, s\u00e5 d\u00e5 eg i dag spurde om \u00e5 f\u00e5 manus slik at eg kunne dele det p\u00e5 bloggen, vart eg henvist til Petter. Men han m\u00e5tte vedg\u00e5 at lappen var blitt borte i l\u00f8pet av kvelden, truleg l\u00e5g han att p\u00e5 bordet p\u00e5 Fjellstoga. Eg tvilar p\u00e5 om eg klarar \u00e5 rekapitulere det, s\u00e5 det ser ut til at det vart eit dikt for augneblenken og ikkje for \u00e6va, men eg pr\u00f8ver likevel det eine av dei to:<\/p>\n<p>Me kom til Hovden p\u00e5 konferanse<br \/>\nog m\u00f8tte Petter som greip sin sjanse.<br \/>\nV\u00e5r festkveld Ole drog vel i hamn<br \/>\nog dalens pris fekk Per Birkeland.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter at hadde skrive bloggen i g\u00e5r, var det klart for festkveld p\u00e5 Hovden Fjellstoge. Det var der dagens bursdagsbarn Bj\u00f8rnar M\u00f8renskog, gratulerer med dagen, heldt til f\u00f8r han selde heile anlegget og reist til Spania for Sj\u00f8mannskirken. No er det ikkje avholdsanlegg lenger, og nokre av dei som var p\u00e5 festen, s\u00e5g nok djupare &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-festkveld-med-noko-attat-15770934\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ein festkveld med noko att\u00e5t<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15770934","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15770934"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15770934"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15770934\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15770934"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15770934"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15770934"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}