{"id":15743607,"date":"2013-04-10T20:21:12","date_gmt":"2013-04-10T20:21:12","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/04\/variert-kveld-med-mykje-stoff-15743607\/"},"modified":"2013-04-10T20:21:12","modified_gmt":"2013-04-10T20:21:12","slug":"variert-kveld-med-mykje-stoff-15743607","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-kveld-med-mykje-stoff-15743607\/","title":{"rendered":"Variert kveld med mykje stoff"},"content":{"rendered":"<p>Denne onsdagskvelden vart noks\u00e5 variert med mykje stoff. Eg likar \u00e5 f\u00e5 informasjon n\u00e5r eg er i radioen, og det fekk eg mykje av denne kvelden. Eg vonar at lyttarane og synest det er flott \u00e5 f\u00e5 litt faktainformasjon i sendinga.<\/p>\n<p>Det starta med ein prat med Bjarne Tveiten om etablering av Setesdal Sogelag, eit lag for dei tre \u00f8verste kommunane i Setesdal. Evje og Hornnes sogelag fungerer godt og har god aktivitet, s\u00e5 dei er ikkje med p\u00e5 dette opplegget. I kveld samlast folk p\u00e5 Setesdalsmuseet for \u00e5 starte laget, og Bjarne fortalde om det som f\u00f8rste innslag i radioen i kveld. Eg minna og om Ervingen, syngespelet som vart framf\u00f8rt i Spelestoga klokka 19. Vonleg f\u00f8rte p\u00e5minningane til at folk m\u00f8tte opp b\u00e5de p\u00e5 museet og i Spelestoga.<\/p>\n<p>Deretter snakka eg med leiaren i Aust-Agder Husflidslag, Helle R. Simensen. Ho fortalde om \u00c5pen Dag som skal vere p\u00e5 Hove laurdag, der Karin B\u00f8e skal fortelje om boka si, Rugger og brossar, og der Annemor Sundb\u00f8 skal demonstrer strikking med spelsauull som ikkje er spunnen.<\/p>\n<p>Siste del av den aktuelle timen handla om Setesdalskonferansen 2013. \u00d8rnulf Hasla fortalde at opptakten til konferansen var at regionr\u00e5det fekk tilbakebetalt arbeidsgjevaravgift som bedriftene betalte inn etter at ESA hadde sagt at alle m\u00e5tte betale lik avgift i heile Norge. F\u00f8r hadde Setesdal betalt 9%, s\u00e5 m\u00e5tte dei betale 14%. Men desse pengane fekk alts\u00e5 regionr\u00e5det tilbake, og d\u00e5 brukte dei pengane til \u00e5 starte Setesalskonferansen, som no er blitt \u00e5rleg. Men no er det blitt 9% att, s\u00e5 no sponsar Regionr\u00e5det konferansen, og medan det f\u00f8r var gratis, m\u00e5 folk no betale ein tusenlapp for alt saman.<\/p>\n<p>\u00d8rnulf anbefalte alle i m\u00e5lgruppa \u00e5 melde seg p\u00e5, og s\u00e5 snakka vi med Siren Marcussen Neset, som skal p\u00e5 konferansen og fortelje om Skattefunn. Dette er ei ordning der ein kan s\u00f8ke om \u00e5 f\u00e5 godkjent prosjekt som vert finansierte med skattelette p\u00e5 inntil 20%. Ein kan og f\u00e5 tilskot. Dette vil ho fortelje meir om p\u00e5 Setesdalskonferansen.<\/p>\n<p>Med dette munna den aktuelle timen ut. Etter den overtok Torleif Harstad med Tankar fr\u00e5 Bibelen. D\u00e5 fekk eg ein pause, den er alltid kj\u00e6rkomen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne onsdagskvelden vart noks\u00e5 variert med mykje stoff. Eg likar \u00e5 f\u00e5 informasjon n\u00e5r eg er i radioen, og det fekk eg mykje av denne kvelden. Eg vonar at lyttarane og synest det er flott \u00e5 f\u00e5 litt faktainformasjon i sendinga. Det starta med ein prat med Bjarne Tveiten om etablering av Setesdal Sogelag, eit &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-kveld-med-mykje-stoff-15743607\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Variert kveld med mykje stoff<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15743607","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15743607"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15743607"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15743607\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15743607"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15743607"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15743607"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}