{"id":15734226,"date":"2013-04-08T20:20:39","date_gmt":"2013-04-08T20:20:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/04\/spennande-onsdagssending-15734226\/"},"modified":"2013-04-08T20:20:39","modified_gmt":"2013-04-08T20:20:39","slug":"spennande-onsdagssending-15734226","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/spennande-onsdagssending-15734226\/","title":{"rendered":"Spennande onsdagssending"},"content":{"rendered":"<p>I dag har eg brukt litt tid p\u00e5 onsdagssendinga. Det var s\u00e6rleg timen mellom 20 og 21 som eg tenkte \u00e5 f\u00e5 litt kj\u00f8t p\u00e5. I Aktuell time likar eg \u00e5 ta omsyn til tirsdagsutg\u00e5va av Setesd\u00f8len f\u00f8r eg bestemmer kva vi skal ha med.<\/p>\n<p>I g\u00e5r vart det klart at eg fekk med meg Solveig Jore og Vidar Homme i den f\u00f8rste delen av Haralds time. Solveig vaks opp p\u00e5 Evje, foreldra er fr\u00e5 Valle. Ho er veterin\u00e6r og sist veke tok ho doktergraden p\u00e5 fl\u00e5tt. Du las kanskje i F\u00e6drelandsvennen om det, at ein n\u00e5 kan finne fl\u00e5tt like til Valle og like til Harstad. F\u00f8r fann ein fl\u00e5tten ved kysten og bare i S\u00f8r-Norge. Eg vil i alle fall sp\u00f8rje henne om den kalde vinteren vi har hatt i \u00e5r, tek knekken p\u00e5 desse sm\u00e5 udyra som Dagbladet likar \u00e5 ha p\u00e5 f\u00f8rstesida. Du kan lese meir om Solveig p\u00e5 Setesdalswiki, sj\u00e5 http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Solveig_Jore<\/p>\n<p>D\u00e5 eg snakka med Vidar Homme, var han sv\u00e6rt positiv til \u00e5 kome i radioen og fortelje om Eika-bankane. Valle Sparebank og Evje og Hornnes Sparebank har bytta gruppe og er ikkje lenger med i Terra. Det vil vi h\u00f8yre meir om.<\/p>\n<p>Eg har ei god stund hatt ein avtale med Knut Olav Tveit om \u00e5 f\u00e5 han med i Valle Radio. Han er dagleg leiar av Sm\u00e5kraftforeninga, foreninga for alle som byggjer sm\u00e5kraftverk i elver og bekker. Han har hus p\u00e5 Tveit i Bygland, s\u00e5 det lokale burde h\u00f8ve. Sj\u00f8lv er han fr\u00e5 Kristiansand og bur i Oslo.<\/p>\n<p>I kveld var Kjell Ingolf Ropstad p\u00e5 Evje i samband med valkamp-m\u00f8te for Agder. Han har lova \u00e5 seie litt om det m\u00f8tet i sendinga onsdagskvelden, og s\u00e5 skal han og Knut Olav snakke saman. Knut Olav sin jobb er jo \u00e5 snakke med politikarar om sm\u00e5kraft, og Kjell Ingolf er i energi- og milj\u00f8komiteen p\u00e5 Stortinget, s\u00e5 om du h\u00f8yrer p\u00e5 Valle Radio onsdagskvelden, f\u00e5r du h\u00f8yre korleis ein driv lobbyverksemd for open mikrofon. Eg trur det kan bli ein interessant time.<\/p>\n<p>Meir som sendinga onsdag finn du p\u00e5 Setesdalswiki, sj\u00e5 http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130410<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har eg brukt litt tid p\u00e5 onsdagssendinga. Det var s\u00e6rleg timen mellom 20 og 21 som eg tenkte \u00e5 f\u00e5 litt kj\u00f8t p\u00e5. I Aktuell time likar eg \u00e5 ta omsyn til tirsdagsutg\u00e5va av Setesd\u00f8len f\u00f8r eg bestemmer kva vi skal ha med. I g\u00e5r vart det klart at eg fekk med meg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/spennande-onsdagssending-15734226\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Spennande onsdagssending<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15734226","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15734226"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15734226"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15734226\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15734226"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15734226"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15734226"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}