{"id":15699080,"date":"2013-03-31T22:53:06","date_gmt":"2013-03-31T22:53:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/03\/paskedag-i-mandal-15699080\/"},"modified":"2013-03-31T22:53:06","modified_gmt":"2013-03-31T22:53:06","slug":"paskedag-i-mandal-15699080","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/paskedag-i-mandal-15699080\/","title":{"rendered":"P\u00e5skedag i  Mandal"},"content":{"rendered":"<p>I str\u00e5lande ver gjekk turen til Mandal kyrkje for \u00e5 vere med p\u00e5 p\u00e5skegudsteneste. Vi var ikkje aleine, det visste vi p\u00e5 f\u00f8rehand, og n\u00e5r Mandal kantori er med, kjem dei tidleg, s\u00e5 vi visste og at det ikkje var parkeringsplass utanfor kyrkja, dermed parkerte vi nede i \u00d8vrebyen. Vi var i godt selskap, sj\u00f8lv om klokka bare var litt over halv elleve, tok det til \u00e5 bli mange bilar p\u00e5 parkeringplassane ogs\u00e5 der.<\/p>\n<p>P\u00e5 kyrkjetrappa stod Per Ragnar Haraldstad og helsa velkomen. Vi sneik oss unna det. Kyrkja i Mandal har tre inngangsd\u00f8rer, og prosten kan bare st\u00e5 ved hovudd\u00f8ra, medan vi alltid g\u00e5r inn gjennom den venstre inngangsd\u00f8ra, den har folk som bur i gamle Halse kommune helst nytta. Vel inne var eg overraska over kor mykje folk det var alt eit kvarter f\u00f8r gudstenesta skulle starte. <strong>Velkommen til oppstandelsesgudstjeneste<\/strong> stod det p\u00e5 lerreta som heng framme i kyrkja. Dei har g\u00e5tt over til \u00e5 bruke prosjektor for salmer og liturgi, s\u00e5 det er ikkje s\u00e5 mange som leitar i salmeb\u00f8ker lenger, sj\u00f8lv om det er nummer p\u00e5 nummertavlene i kyrkja.<\/p>\n<p>Det er festleg klokkeringing fr\u00e5 kyrkjet\u00e5rnet p\u00e5 h\u00f8gtidsdagar, men s\u00e5 stilna den og vi fekk innledningsinformasjon f\u00f8r inngangsprosesjonen med to d\u00e5psbarn og Mandal kantori. S\u00e5 gjekk gudstenesta sin gang, organisten hadde med seg ein trompetist, det lyftar alltid sangen. Og med 530 personar i kyrkja var det jublande sang fr\u00e5 f\u00f8rste salma P\u00e5skemorgen slukker sorgen til siste salma Deg v\u00e6re \u00e6re.<\/p>\n<p>Det er ikkje s\u00e5 lett \u00e5 referere fr\u00e5 preika, s\u00e5 det st\u00e5r eg over. Etter at gudstenesta var ferdig, var det kyrkjekaffe p\u00e5 kyrkjebakken i str\u00e5lande sol. Men temperaturen var vel knapt over fem grader, s\u00e5 det var ikkje s\u00e5 lenge vi stod der f\u00f8r vi fann bilen og kom oss innand\u00f8rs.<\/p>\n<p>Vel heime att dukka syster mi og mannen opp. Dei hadde bes\u00f8kt venner og ville sj\u00e5 innom oss og. Dermed vart vi mange til middag, for Margunn og Stein var innom hos oss etter \u00e5 ha vore i Nederland den f\u00f8rste del av p\u00e5sken. Og Helge har vore heime og hatt p\u00e5skeferie her fr\u00e5 tysdag. S\u00e5 det vart ein hyggeleg ettermiddag f\u00f8r folk braut opp og tok p\u00e5 heimveg. No sit vi snart att toeine, p\u00e5ska er over og sn\u00f8en t\u00e6rast vekk. Sm\u00e5tt om senn m\u00e5 det vel bli v\u00e5r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I str\u00e5lande ver gjekk turen til Mandal kyrkje for \u00e5 vere med p\u00e5 p\u00e5skegudsteneste. Vi var ikkje aleine, det visste vi p\u00e5 f\u00f8rehand, og n\u00e5r Mandal kantori er med, kjem dei tidleg, s\u00e5 vi visste og at det ikkje var parkeringsplass utanfor kyrkja, dermed parkerte vi nede i \u00d8vrebyen. Vi var i godt selskap, sj\u00f8lv &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/paskedag-i-mandal-15699080\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">P\u00e5skedag i  Mandal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15699080","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15699080"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15699080"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15699080\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15699080"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15699080"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15699080"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}