{"id":15691865,"date":"2013-03-29T23:17:38","date_gmt":"2013-03-29T23:17:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/03\/ein-stille-dag-15691865\/"},"modified":"2013-03-29T23:17:38","modified_gmt":"2013-03-29T23:17:38","slug":"ein-stille-dag-15691865","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-stille-dag-15691865\/","title":{"rendered":"Ein stille dag"},"content":{"rendered":"<p>Langfredag har tradisonelt vore ein stille dag i Norge. D\u00e5 vi vaks opp, var vel langfredag den stillaste dagen i \u00e5ret. Utanom kyrkjegang vart det \u00e5 finne ei bok \u00e5 lese i. Eg har h\u00f8yrt at nokre folk arbeidde med det verste dei kunne finne p\u00e5 \u00e5 gjere p\u00e5 ein gard denne dagen, men det kjenner eg ikkje fr\u00e5 mi ungdomstid.<\/p>\n<p>D\u00e5 vi vaks opp var det ikkje TV ein kunne velje kanalar i. Vi hadde bare NRK, og den kanalen hadde ikkje program heile dagen. Heller ikkje radio hadde det. Men langfredag var ekstra stille. Til og med i kyrkja var det stille, for orgelet skulle ikkje bruse den dagen.<\/p>\n<p>Det er mykje annleis no for tida. Folk tek seg ein spasertur eller ein kj\u00f8retur, bensinstasjonar er opne, s\u00e5 om ein har gl\u00f8ymt \u00e5 handle noko, kan ein ordne seg. Likevel er vi mange som set pris p\u00e5 denne stille dagen, i alle fall vi som ikkje vil til fjells og slikke p\u00e5skesol.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om eg til \u00e5 sj\u00e5 ein episode av En engel i blant oss p\u00e5 FEM klokka sju i dag tidleg. Den handla om ei jente som h\u00f8yrde englesang, noko ho helst ikkje skulle. Seinare p\u00e5 dagen fann eg P7 Kristen Riksradio og fekk h\u00f8yre evangelisk sang der.<\/p>\n<p>Ei \u00f8kt fekk eg og med meg ein film, Miss Potter, p\u00e5 Filmkanalen p\u00e5 TV. Det var ein tankevekkande film og syner at dei hundre \u00e5ra som vi har hatt sidan Beatrix Potter, barnebokforfattaren i England, levde, har samfunnet endra seg sv\u00e6rt mykje. B\u00f8kene hennar om Petter Kanin har vi jo i Norge og, teikningane hennar er sv\u00e6rt karakteristiske. Livet hennar var slik at ei ung jente i v\u00e5re dagar knapt vil kunne tru det var mogleg \u00e5 ha det slik.<\/p>\n<p>I tillegg til dette nytta eg ogs\u00e5 denne dagen til \u00e5 skrive litt p\u00e5 Setesdalswiki. Talet p\u00e5 artiklar veks. Ikkje alle er lange, det er leksikonartiklar, ikkje avhandlingar. Men dei fleste artiklane syner vidare til kjelder der ein kan skaffe seg meir informasjon om ein \u00f8nskjer det. Og hyperteksten fungerer, interne lenker gjer at ein f\u00e5r meir informasjon gjennom \u00e5 klikke p\u00e5 lenker i ein tekst. N\u00e5r vi no snart rundar 4000 artiklar p\u00e5 Setesdalswiki, kan lesaren skaffe seg mykje kunnskap om Setesdal gjennom \u00e5 lese her. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Hovedside<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Langfredag har tradisonelt vore ein stille dag i Norge. D\u00e5 vi vaks opp, var vel langfredag den stillaste dagen i \u00e5ret. Utanom kyrkjegang vart det \u00e5 finne ei bok \u00e5 lese i. Eg har h\u00f8yrt at nokre folk arbeidde med det verste dei kunne finne p\u00e5 \u00e5 gjere p\u00e5 ein gard denne dagen, men det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-stille-dag-15691865\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ein stille dag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15691865","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15691865"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15691865"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15691865\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15691865"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15691865"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15691865"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}