{"id":15671957,"date":"2013-03-25T23:14:28","date_gmt":"2013-03-25T23:14:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/03\/hvem-tror-du-at-du-er-15671957\/"},"modified":"2013-03-25T23:14:28","modified_gmt":"2013-03-25T23:14:28","slug":"hvem-tror-du-at-du-er-15671957","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hvem-tror-du-at-du-er-15671957\/","title":{"rendered":"Hvem tror du at du er?"},"content":{"rendered":"<p>I dag fekk eg med meg litt av kvart p\u00e5 TV. Det starta med En engel i blant oss i dag tidleg. Det g\u00e5r p\u00e5 FEM fr\u00e5 om lag klokka sju, s\u00e5 ein m\u00e5 helst vakne tidleg. Eg var ikkje klar over at det var snooker p\u00e5 Eurosport like etter at det var slutt, s\u00e5 det fekk eg ikkje med meg. S\u00e5 vart det lite framom TV-skjermen f\u00f8r i \u00e5tte-ni-tida i kveld. D\u00e5 kom Hvem tror du at du er? Det er eit program som kona likar, og i kveld var det countrysongarinna Reba McEntire som leita seg bakover i slektshistoria.<\/p>\n<p>Det kan vere litt av kvart \u00e5 finne n\u00e5r ein g\u00e5r nokre generasjonar bakover. Ho fann ein tipp-tipp (kor mange tippar det var, er eg ikkje heilt sikker p\u00e5) oldefar som hadde vore slavehandlar. D\u00e5 var ho helst ikkje h\u00f8g i hatten. Men to generasjonar f\u00f8r han att, d\u00e5 m\u00f8tte ho ein 9 \u00e5r gamal gut som vart sett p\u00e5 eit skip fr\u00e5 England til Virginia for \u00e5 kome ut av eit liv som ikkje verka s\u00e6rleg lysteleg. Han m\u00e5tte arbeide i 11-12 \u00e5r for \u00e5 bli kvitt gjelda som overfarten p\u00e5f\u00f8rte han, men kom seg etter kvart opp og fram i verda. Han vart stamfar til mange amerikanarar.<\/p>\n<p>Det har vore fleire av desse programma som eg ikkje har f\u00e5tt sj\u00e5, men dei eg har sett, har vore sv\u00e6rt interessante. Ein variant av dei er og laga med norske kjendisar, dei var og interessante. Ein l\u00e6rer mykje om ikkje alt for fjern fortid.<\/p>\n<p>Utanom TV-skjermen har eg i dag og studert i ein annan skjerm, s\u00e5 det har blitt nokre fleire bl\u00e5 lenker i artikkelen om Setesdalskonferansen 2013 p\u00e5 Setesdalswiki. No er det vel bare eit par personar att, s\u00e5 er alle personlenkene farga bl\u00e5. Etter det m\u00e5 eg pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 til artiklar om nokre av stadene p\u00e5 Hovden som vi skal bes\u00f8ke under konferansen. Om dette er nok til \u00e5 f\u00e5 folk til \u00e5 melde seg p\u00e5 f\u00f8r 1. april, er ikkje godt \u00e5 seie, p\u00e5meldinga kom alts\u00e5 midt i p\u00e5ska i \u00e5r, og folk flest tenkjer vel meir p\u00e5 sol og ski enn p\u00e5 \u00e5 melde seg til konferansen som skal vere 18. og 19. april. No har eg skrive om dette opp til fleire gonger, men eg har ikkje meldt meg p\u00e5 sj\u00f8lv. Ettersom eg er i programkomiteen, er eg vel p\u00e5 ein m\u00e5te sj\u00f8lvskriven, men eg m\u00e5 vel kanskje sende ein mail til post@setesdal.no og melde meg p\u00e5 likevel.<\/p>\n<p>Hvem tror du at du er? Ein som f\u00e5r plass p\u00e5 Setesdalskonferansen 2013 utan \u00e5 melde deg p\u00e5? Meld deg p\u00e5 med det same du har lese bloggen min, om du skal dit. S\u00e5 er det gjort.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag fekk eg med meg litt av kvart p\u00e5 TV. Det starta med En engel i blant oss i dag tidleg. Det g\u00e5r p\u00e5 FEM fr\u00e5 om lag klokka sju, s\u00e5 ein m\u00e5 helst vakne tidleg. Eg var ikkje klar over at det var snooker p\u00e5 Eurosport like etter at det var slutt, s\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hvem-tror-du-at-du-er-15671957\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hvem tror du at du er?<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15671957","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15671957"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15671957"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15671957\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15671957"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15671957"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15671957"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}