{"id":15663700,"date":"2013-03-23T22:39:26","date_gmt":"2013-03-23T22:39:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/03\/nye-biografiar-15663700\/"},"modified":"2013-03-23T22:39:26","modified_gmt":"2013-03-23T22:39:26","slug":"nye-biografiar-15663700","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nye-biografiar-15663700\/","title":{"rendered":"Nye biografiar"},"content":{"rendered":"<p>I dag vart det to nye biografiar om foredragshaldarar p\u00e5 Setesdalskonferansen 2013. Mannen som skal starte det heile torsdag 18. april klokka 10, Petter Planke, er ein gr\u00fcnder som no er blitt 76 \u00e5r, men som ikkje kviler p\u00e5 laurb\u00e6ra. Temaet hans er Grip dagen. Det skulle vel indikere temaet for konferansen s\u00e5 godt som det er mogleg \u00e5 gjere det: Ein m\u00e5 gripe dagen om ein skal lukkast. Petter Planke var ferdig med Handelsgymnaset og skulle begynne p\u00e5 Handelsh\u00f8gskulen. S\u00e5 fekk han eit agentur for sj\u00f8lvklebande etikettar og d\u00e5 droppa han studiar og gjekk i gang. Etter nokre \u00e5r hadde han god innsikt i situasjonen til kj\u00f8pmenn rundt om i landet og s\u00e5g at dei sleit med flaskepantproblem. -Tenk om vi kunne hatt eit hol i veggen der folk leverte flaskene og fekk kvittering for leveringa som dei kunne levere i kassen, var problemstillinga. Ingen hadde tenkt at det var mogleg f\u00f8r, men elektronikken var utvikla s\u00e5 godt p\u00e5 den tida, at no var det mogleg. I dag har TOMRA over 70% marknadsandel p\u00e5 verdsbasis. Planke er ute av firmaet, men har starta eit nytt firma i ein heilt annan sektor. No leverer han treningsapparat for musklar og skjelett. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Petter_Planke<\/p>\n<p>Den andre eg skreiv om er direkt\u00f8ren for Innovasjon Norge p\u00e5 Agder. Erling Hellum er meir ein doldis, men kontoret hans formidlar st\u00f8tte til folk som har gode idear og som vil satse p\u00e5 nyskaping. Han er jurist med ekstra master i management. I tillegg har han eit sterkt engasjement i Det norske Misjonsforbund. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Erling_Hellum<\/p>\n<p>Dei to artiklane er ikkje spesielt lange, men det tek tid \u00e5 setje dei saman n\u00e5r ein skal google fram den biografiske informasjonen som skal vere grunnlaget for ein biografisk artikkel. Sj\u00f8lv om folk er ein del i media, er det ikkje alltid ein f\u00e5r vite s\u00e5 mykje om bakgrunn og samanhengar dei st\u00e5r i. Difor trur eg at artiklar av denne typen p\u00e5 Setesdalswiki kan vere gode \u00e5 ha, ogs\u00e5 om folk som ikkje direkte har r\u00f8ter og liv i Setesdal. Det ser ut til at folk finn interessant informasjon p\u00e5 Setesdalswiki, for i mars har det i snitt vore vel 200 bes\u00f8k kvar dag. Det gleder i alle fall denne skribenten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vart det to nye biografiar om foredragshaldarar p\u00e5 Setesdalskonferansen 2013. Mannen som skal starte det heile torsdag 18. april klokka 10, Petter Planke, er ein gr\u00fcnder som no er blitt 76 \u00e5r, men som ikkje kviler p\u00e5 laurb\u00e6ra. Temaet hans er Grip dagen. Det skulle vel indikere temaet for konferansen s\u00e5 godt som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nye-biografiar-15663700\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Nye biografiar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[63],"class_list":["post-15663700","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalskonferansen"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15663700"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15663700"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15663700\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15663700"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15663700"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15663700"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}