{"id":15635849,"date":"2013-03-16T23:58:33","date_gmt":"2013-03-16T23:58:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/03\/i-morgon-15635849\/"},"modified":"2013-03-16T23:58:33","modified_gmt":"2013-03-16T23:58:33","slug":"i-morgon-15635849","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/i-morgon-15635849\/","title":{"rendered":"I morgon"},"content":{"rendered":"<p>I morgon skal eg byrja p\u00e5 eit nytt og betre liv.<\/p>\n<p>Det har eg tenkt fleire gonger i dag. Eg har hatt ein trong til \u00e5 samle p\u00e5 papir og avisutklipp og som oftast har det hamna i plastposar. Men ein gong m\u00e5 det jo opp av posane att, og i helga har eg hatt ein slik liten ryddesjau. Fr\u00e5 sm\u00e5 plastposar til den store sekken som snart skal kj\u00f8rast til Brennevinsmyra og verte resirkulert.<\/p>\n<p>N\u00e5r eg tenkjer p\u00e5 alle avisene eg har kj\u00f8pt, s\u00e5 er det mange pengar som g\u00e5r i den resirkuleringa, men pengane er jo runde for at dei skal sirkulere. Det er morosamt \u00e5 sj\u00e5 kva ein har teke vare p\u00e5. Eg opplever at eg har vore interessert i mykje. I ti \u00e5r har eg samla p\u00e5 biografiar, til d\u00f8mes. N\u00e5r folk fyller \u00e5r, f\u00e5r dei omtale i Aftenposten. Eg har samla mange sider med slikt stoff om folk eg ikkje kjenner, til og med fr\u00e5 f\u00f8r eg tok til \u00e5 skrive biografiar om folk p\u00e5 Wikipedia. Etter at eg tok til med det, har jo nokre av dei eg har teke vare p\u00e5, kome til nytte som grunnlag for tekstar eg har skrive, men ikkje alle som er omtalte i slike lister, f\u00e5r biografiar p\u00e5 Wikipedia, og d\u00e5 vert dei lett liggjande i posane. Men i dag gjekk i alle fall nokre av dei i ein st\u00f8rre pose.<\/p>\n<p>Eg har vore med i ulike styre og f\u00e5tt papir i slike samanhengar. Dei burde eg jo ha kasta d\u00e5 eg gjekk ut av styret, men i staden samla eg dei og tenkte dei kunne kome til nytte ein gong. Dei gjorde ikkje det. No g\u00e5r dei og til resirkulering. Og s\u00e5 har eg samla p\u00e5 teikneseriar og morosame historier og tenkt at dei kunne eg glede meg over og f\u00e5 ein god l\u00e5tt som kunne forlenge livet ein eller annan gong. Dei fungerer ikkje n\u00e5r dei ligg i plastposar og samlar st\u00f8v, s\u00e5 eg kan like godt kaste dei.<\/p>\n<p>Til og med kryssord har eg teke vare p\u00e5, slik at eg kunne l\u00f8yse dei seinare, men no er det fleire \u00e5r sidan eg l\u00f8yste kryssord, i alle fall systematisk og med stor glede, s\u00e5 eg kjem aldri til \u00e5 f\u00e5 bruk for slike kryssord, i sekken med dei og.<\/p>\n<p>I morgon skal eg skrive inn gamle Setesd\u00f8len p\u00e5 Setesdalswiki, s\u00e5 dei gamle Setesd\u00f8len f\u00e5r eg nok bruk for. Men F\u00e6drelandsvennen og Dagbladet og VG og Dagens N\u00e6ringsliv og Aftenposten: I sekken med dei. Forresten, kanskje eg skulle spare p\u00e5 F\u00e6drelandsvennen, kanskje det st\u00e5r noko om Setesdal der. Eller dei andre avisene, kan hende er det noko eg kan bruke i Valle Radio.<\/p>\n<p>Nei, n\u00e5 f\u00e5r det vere nok. I sekken med dei. Og ikkje ta dei opp att. Eit nytt og betre liv st\u00e5r for d\u00f8ra.<\/p>\n<p>Trur eg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I morgon skal eg byrja p\u00e5 eit nytt og betre liv. Det har eg tenkt fleire gonger i dag. Eg har hatt ein trong til \u00e5 samle p\u00e5 papir og avisutklipp og som oftast har det hamna i plastposar. Men ein gong m\u00e5 det jo opp av posane att, og i helga har eg hatt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/i-morgon-15635849\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">I morgon<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15635849","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15635849"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15635849"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15635849\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15635849"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15635849"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15635849"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}