{"id":15573952,"date":"2013-02-27T14:51:57","date_gmt":"2013-02-27T14:51:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/jubel-i-malomradet-15573952\/"},"modified":"2013-02-27T14:51:57","modified_gmt":"2013-02-27T14:51:57","slug":"jubel-i-malomradet-15573952","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubel-i-malomradet-15573952\/","title":{"rendered":"Jubel i m\u00e5lomr\u00e5det"},"content":{"rendered":"<p>I desse jubeldagar b\u00f8r vel ogs\u00e5 eg skrive litt om jubelen i m\u00e5lomr\u00e5det. Det var fascinerande \u00e5 sj\u00e5 gleda Therese Johaug synte d\u00e5 ho kom i m\u00e5l i Val de Fiemme etter \u00e5 ha g\u00e5tt 10 km fristil i dei tunge l\u00f8ypene der og ha sl\u00e5tt Marit Bj\u00f8rgen med meir enn ti sekund.<\/p>\n<p>Dagens gull til Petter Northug jr. fekk eg ikkje sj\u00e5, men eg skj\u00f8nar at det var glede ogs\u00e5 der.<\/p>\n<p>Hendingane i g\u00e5r og i dag kom samstundes med at eg las ein artikkel om VM p\u00e5 ski 2011: Aagedal, O. Hompland, A., og Brottveit, \u00c5.: <em>Folkefestens arkitektur<\/em>. I Hanstad, D.V. (red): (SKI-VM 2011 Planlegging og gjennomf\u00f8ring) Akilles forlag. Oslo. Du kan lese meir om boka her: http:\/\/akilles.no\/bok\/ski-vm-2011-planlegging-og-gjennomforing<\/p>\n<p>\u00c5nund Brottveit er ein valld\u00f8l som i lang tid, heilt fr\u00e5 1991, har vore forskar p\u00e5 Diakonhjemmet H\u00f8gskole. I januar tok han doktorgrad, og fr\u00e5 1. februar tok han til i ny jobb som forskningssjef p\u00e5 Kirkeforskning. Dei held til same staden som han har arbeidd i 20 \u00e5r, s\u00e5 det var vel bare arbeidsgjevaren som var ny. \u00c5nund er son til Augund og Ingebj\u00f8rg Brottveit. Han hadde vel mange \u00e5r i Arendalsomr\u00e5det, s\u00e5 det var kanskje bare ungdomsskulen han fekk med seg fr\u00e5 Valle, f\u00f8r han som s\u00e5 mange andre valld\u00f8lar reiste ut for \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 skule, og sidan har det vel helst bare vore feriebes\u00f8k i heimbygda.<\/p>\n<p>Artikkelen om Folkefestens arkitektur er interessant lesning. Her dr\u00f8ftar forfattarane korleis ein skaper folkefest med utgangspunkt i arbeidet med VM p\u00e5 ski i Oslo i 2011. Vi hugsar dei store folkemassane vi s\u00e5g i TV-ruta denne perioden.<\/p>\n<p>Dei peikar p\u00e5 at eitt av elementa som kan vere viktige, er at dei kongelege st\u00f8r opp om arrangementet. I dette tilfellet var kronprinsen med i hovudkomiteen, men i tillegg var dei jo, som vanleg hadde eg n\u00e6r sagt, tydeleg til stades under konkurransane. Og s\u00e5 fortel han om korleis Therese Johaug sprengte etiketten d\u00e5 ho helste p\u00e5 Kongen etter \u00e5 ha vunne gull, jublande glad kasta ho seg om halsen p\u00e5 Kong Harald. Vi som s\u00e5g det, hadde vel helst gl\u00f8ymt det to \u00e5r etter, men d\u00e5 eg las det, hugsa eg det jo, og eg las det alts\u00e5 same dagen som ho p\u00e5 ny fekk gull og jublande sprella av glede i m\u00e5lomr\u00e5det. Det blei vel ingen kongeklem i Val de Fiemme, men minnet om hendinga kan ein gjerne dele med kvarandre n\u00e5r skifolka v\u00e5re atter ein gong skapar glede i heimane rundt om.<\/p>\n<p>\u00c5nund Brottveit har skrive om ulike tema, noko som kanskje ikkje er s\u00e5 unaturleg for ein sosialantropolog. Du kan lese meir om han p\u00e5 Setesdalswiki, sj\u00e5 http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/%C3%85nund_Brottveit Eg vil presentere noko av det han har skrive her p\u00e5 bloggen utover v\u00e5ren. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I desse jubeldagar b\u00f8r vel ogs\u00e5 eg skrive litt om jubelen i m\u00e5lomr\u00e5det. Det var fascinerande \u00e5 sj\u00e5 gleda Therese Johaug synte d\u00e5 ho kom i m\u00e5l i Val de Fiemme etter \u00e5 ha g\u00e5tt 10 km fristil i dei tunge l\u00f8ypene der og ha sl\u00e5tt Marit Bj\u00f8rgen med meir enn ti sekund. Dagens gull &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubel-i-malomradet-15573952\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jubel i m\u00e5lomr\u00e5det<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15573952","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15573952"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15573952"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15573952\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15573952"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15573952"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15573952"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}