{"id":15571755,"date":"2013-02-26T20:58:19","date_gmt":"2013-02-26T20:58:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/framleis-telefontull-15571755\/"},"modified":"2013-02-26T20:58:19","modified_gmt":"2013-02-26T20:58:19","slug":"framleis-telefontull-15571755","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/framleis-telefontull-15571755\/","title":{"rendered":"Framleis telefontull"},"content":{"rendered":"<p>Telefonen streika i kveld og. Det er ikkje s\u00e5 moro \u00e5 lage radio n\u00e5r ein har avtalt med folk om \u00e5 ringe dei, og s\u00e5 streikar telefonen. Det skjedde onsdag i vinterferien og det skjedde i kveld.<\/p>\n<p>Onsdag i vinterferien hadde Bj\u00f8rgulv avtalt \u00e5 ringe til fleire folk i nyhetstimen. Men det var ur\u00e5d \u00e5 f\u00e5 telefonlinja inn p\u00e5 miksebordet, og d\u00e5 kjem ikkje vedkomande ut p\u00e5 lufta. Dei fiksa det, men s\u00e5 fall linja ut att, og d\u00e5 droppa dei heile sendinga, \u00e5 lage radio utan telefonlinje er ikkje lett.<\/p>\n<p>I dag hadde eg planlagt \u00e5 ringe til Ruth Jeppest\u00f8l klokka 18.30. Ho skulle tale p\u00e5 eit m\u00f8te p\u00e5 Elim Evje, og eg tenkte at eit lite innslag ein halv time f\u00f8r m\u00f8tet kunne f\u00e5 nokon som h\u00f8yrde p\u00e5 Valle Radio til \u00e5 vurdere \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 m\u00f8tet. Ruth var sporty og ville stille opp. Vi pr\u00f8vde fleire gonger, men det var ur\u00e5d \u00e5 kople saman, s\u00e5 vi m\u00e5tte gje opp. Dermed m\u00e5tte eg og gje opp \u00e5 f\u00e5 snakke med \u00c5se Rike om Kvinnenes internasjonale b\u00f8nnedag som skal vere til fredag p\u00e5 Menighetshuset i Valle.<\/p>\n<p>Eg sende epost til teknisk sjef J\u00f8rund Georg Jore og sa at eg hadde h\u00f8yrt om problema onsdag i vinterferien og vona at dei var l\u00f8yste no. D\u00e5 eg ikkje fekk svar fr\u00e5 han, rekna eg med at det hadde ordna seg. Men det er klart at det ordnar seg ikkje utan at nokon fiksar det.<\/p>\n<p>Eg har tidlegare stort sett laga programma p\u00e5 tysdagskveldane utan \u00e5 bruke telefonen. Men i v\u00e5r har det vore fleire gonger eg har ringt til folk og prata med dei om kristenliv og kyrkjeliv. Og n\u00e5r ein planlegg at noko fungerer og det ikkje fungerer, s\u00e5 er det frustrerande.<\/p>\n<p>I morgon treng ein ikkje \u00e5 ha dette p\u00e5 plass, for d\u00e5 skal alt sendast fr\u00e5 kommunestyresalen. Men neste veke er det nye sendingar der ein er avhengig av p\u00e5 bruke telefonen. Ein kan jo ikkje ha opi sending utan telefon. Dei som l\u00f8yser rebusar kan ikkje kome i studio in persona og fortelje svaret, det er ikkje det som er radio.<\/p>\n<p>Vi f\u00e5r vone at dei tekniske probleml\u00f8ysarane finn ut av problemet og fiksar det i l\u00f8pet av veka, slik at det er i orden att neste veke.<\/p>\n<p>Her er lenke til programmet: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20130226<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Telefonen streika i kveld og. Det er ikkje s\u00e5 moro \u00e5 lage radio n\u00e5r ein har avtalt med folk om \u00e5 ringe dei, og s\u00e5 streikar telefonen. Det skjedde onsdag i vinterferien og det skjedde i kveld. Onsdag i vinterferien hadde Bj\u00f8rgulv avtalt \u00e5 ringe til fleire folk i nyhetstimen. Men det var ur\u00e5d \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/framleis-telefontull-15571755\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Framleis telefontull<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15571755","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15571755"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15571755"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15571755\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15571755"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15571755"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15571755"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}