{"id":15567352,"date":"2013-02-25T15:47:27","date_gmt":"2013-02-25T15:47:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/fare-for-a-treffe-elg-15567352\/"},"modified":"2013-02-25T15:47:27","modified_gmt":"2013-02-25T15:47:27","slug":"fare-for-a-treffe-elg-15567352","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fare-for-a-treffe-elg-15567352\/","title":{"rendered":"Fare for \u00e5 treffe elg"},"content":{"rendered":"<p>\u00abStor fare for elgp\u00e5kj\u00f8rsel i kveld\u00bb les eg p\u00e5 nettsidene til NRK S\u00f8rlandet, sj\u00e5 http:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/distrikt\/sorlandet\/1.10926220 Grunnen skal vere at det er fullm\u00e5ne og februar, noko som forsikringsselskapa har funne ut er ein d\u00e5rleg kombinasjon.<\/p>\n<p>Eg burde vel ikkje skrive dette f\u00f8r sola g\u00e5r ned og kvelden er omme, slik at eg ikkje risikerer \u00e5 tabbe meg ut om eg kj\u00f8rer p\u00e5 ein elg i kveld. Men eg kj\u00f8rte oppover til Valle i dag tidleg og s\u00e5g den flotte fullm\u00e5nen i vest og tenkte p\u00e5 visa av Gunnar Wennerberg:<\/p>\n<p>Herre min Gud, vad den m\u00e5nen lyser,<br \/>\nse vilken glans ut\u00f6ver land och stad.<br \/>\nHimlen \u00e4r klar och var stj\u00e4rna myser<br \/>\nv\u00e4nligt emot oss ner och vinkar glad.<\/p>\n<p>Heldigvis gjekk turen utan uhell av noko slag, og m\u00e5nen sette meg meir i ein romantisk stemning enn i ein uhellssvanger stemning. I bakken opp fr\u00e5 Songdalen til Vehustoppen stod det ein rev p\u00e5 br\u00f8ytekanten og s\u00e5g meg kj\u00f8re forbi, og ved gokartbanen p\u00e5 Moisund hoppa ein hare over vegen. Eg tenkte p\u00e5 meldinga i avisa om at det var mange r\u00e5dyr \u00e5 sj\u00e5, men p\u00e5 denne turen s\u00e5g eg ingen, og heldigvis m\u00f8tte eg ikkje elgar heller.<\/p>\n<p>Eg m\u00f8tte ein elg like nord for Nomeland skule for eit par \u00e5r sidan, han fekk spegelen min i hakeskjegget, men heldigvis snudde han, s\u00e5 det var bare spegelen som vart knust. Eg torer knapt tenke p\u00e5 konsekvensane om han ikkje hadde snudd og eg ikkje hadde klart \u00e5 stoppe. Heldigvis var det like ved 60-sonen der, s\u00e5 farten var l\u00e5g nok til at eg kunne stoppe. Eg varsla Knut H. Nomeland om det, men han s\u00e5g ikkje nokon elg med vond mule, s\u00e5 truleg klarte han seg.<\/p>\n<p>P\u00e5 ein annan tur oppover dalen m\u00f8tte eg ein elg p\u00e5 Syrtveit, men den s\u00e5g eg p\u00e5 lang avstand, og kunne stoppe i god tid. Den snudde ogs\u00e5 og sprang inn i skogen att.<\/p>\n<p>No er det mange \u00e5r sidan eg fekk eit r\u00e5dyr i grillen p\u00e5 Kveste. Plutseleg hoppa to dyr opp fr\u00e5 vegkanten, eg hadde ingen sjanse til \u00e5 stoppe, og det l\u00e5g mykje h\u00e5r att i grillen, men dyret sprang vidare og s\u00e5g ut til \u00e5 klare seg.<\/p>\n<p>Eg har ikkje noko \u00f8nske om \u00e5 f\u00e5 ein elg over panseret, ikkje eit r\u00e5dyr heller. Og eg har vore heldig og unng\u00e5tt \u00e5 drepe dyr p\u00e5 vegen. Om eg skulle k\u00f8yre p\u00e5 eit dyr som vert liggjande hardt skadd, veit eg ikkje om eg ville f\u00e5 det til \u00e5 avlive det, eg har korkje gev\u00e6r eller kniv med meg i bilen. Ein f\u00e5r vel vone det beste: \u00c5 f\u00e5 sj\u00e5 dyr i god avstand fr\u00e5 bilen, det kan vere ei fin oppleving. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00abStor fare for elgp\u00e5kj\u00f8rsel i kveld\u00bb les eg p\u00e5 nettsidene til NRK S\u00f8rlandet, sj\u00e5 http:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/distrikt\/sorlandet\/1.10926220 Grunnen skal vere at det er fullm\u00e5ne og februar, noko som forsikringsselskapa har funne ut er ein d\u00e5rleg kombinasjon. Eg burde vel ikkje skrive dette f\u00f8r sola g\u00e5r ned og kvelden er omme, slik at eg ikkje risikerer \u00e5 tabbe &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fare-for-a-treffe-elg-15567352\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fare for \u00e5 treffe elg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15567352","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15567352"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15567352"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15567352\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15567352"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15567352"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15567352"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}