{"id":15552442,"date":"2013-02-20T20:28:41","date_gmt":"2013-02-20T20:28:41","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/telefonavlytting-15552442\/"},"modified":"2013-02-20T20:28:41","modified_gmt":"2013-02-20T20:28:41","slug":"telefonavlytting-15552442","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/telefonavlytting-15552442\/","title":{"rendered":"Telefonavlytting"},"content":{"rendered":"<p>Eg m\u00e5tte le d\u00e5 eg las radioprogrammet til Valle Radio for i dag. Der stod det at Bitte og Tobbi skulle st\u00e5 for telefonavlyttinga.<\/p>\n<p>Telefonavlytting er noko eg h\u00f8yrer om n\u00e5r PST skal finne ut om brotsverk, men her skulle alts\u00e5 Bitte i Banken og Tobbi p\u00e5 lensmannskontoret st\u00e5 for jobben i Valle Radio.<\/p>\n<p>Om det var dette som gjorde at sendinga i kveld fekk s\u00e5 store tekniske problem at ho m\u00e5tte avlysast, veit eg ikkje, men ein kan jo lure p\u00e5 det var det som av og til vert kalla tinga sin ibuande djevelskap som slo til. Rett nok har det vore mykje om PST i media denne veka, og Kjetil Stormark har hatt nokre dagar som ekspertkommentator i NRK, men at det skulle sl\u00e5 inn i Valle Radio var jo ikkje til \u00e5 tru.<\/p>\n<p>S\u00e5 vart det alts\u00e5 inga sending i kveld, og dermed fekk du ikkje Bj\u00f8rg \u00c5kres forteljing fr\u00e5 turen til Kilimanjaro i reprise denne kvelden. Det vil sikkert bli h\u00f8ve ein seinare kveld. Andre planlagde innslag som var tekne opp, kan vel og kome seinare. Men noko av det som er aktuelt denne veka, vil jo ikkje vere naturleg \u00e5 sende seinare. Slik er Valle Radio, ikkje mykje reprisestoff p\u00e5 denne kanalen.<\/p>\n<p>Eg var sett opp til \u00e5 ha opi sending i kveld, men hadde f\u00e5tt Jorunn Lund Harstad til \u00e5 ta den i staden min, ettersom eg har vinterferie i Mandal denne veka. No fekk ho ikkje bruk for rebusane ho hadde laga til denne kvelden. Vonleg vil nokre av dei kunne brukast seinare.<\/p>\n<p>Her er programmet som ikkje vart sendt:<br \/>\nAnsvarleg: Bj\u00f8rgulv T. Berg<br \/>\nTeknikar: K\u00e5re Rike<br \/>\nTelefonvakter fr\u00e5 20.30: Ingebj\u00f8rg Helle Haugen og Torbj\u00f8rg Hoftuft<\/p>\n<p>Program:<br \/>\n18.00 Aktuell time<br \/>\n19.00 Tankar fr\u00e5 Bibelen. Bjrgulv i samtale med Gunhild Aabel<br \/>\n19.30 Kommunen informerer. Torleif Homme i studio<br \/>\n20.00 Reprisetime: P\u00e5 tur til Kilimanjaro. Harald Haugland i samtale med Bj\u00f8rg \u00c5kre<br \/>\n21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg m\u00e5tte le d\u00e5 eg las radioprogrammet til Valle Radio for i dag. Der stod det at Bitte og Tobbi skulle st\u00e5 for telefonavlyttinga. Telefonavlytting er noko eg h\u00f8yrer om n\u00e5r PST skal finne ut om brotsverk, men her skulle alts\u00e5 Bitte i Banken og Tobbi p\u00e5 lensmannskontoret st\u00e5 for jobben i Valle Radio. Om &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/telefonavlytting-15552442\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Telefonavlytting<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[54],"class_list":["post-15552442","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-program"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15552442"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15552442"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15552442\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15552442"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15552442"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15552442"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}