{"id":15539529,"date":"2013-02-16T22:35:33","date_gmt":"2013-02-16T22:35:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/nye-landsmenn-i-media-15539529\/"},"modified":"2013-02-16T22:35:33","modified_gmt":"2013-02-16T22:35:33","slug":"nye-landsmenn-i-media-15539529","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nye-landsmenn-i-media-15539529\/","title":{"rendered":"Nye landsmenn i media"},"content":{"rendered":"<p>Sist veke, trur eg, las eg ei melding i ei avis, eller kanskje h\u00f8yrde eg det p\u00e5 TV eller radio, nyheter flyg fort forbi og det er ikkje alltid eg noterer meg tid og medium. Det handla om at nye landsmenn var underrepresentert i media. S\u00e5 googla eg litt og fann ei lenke som bekrefta det, http:\/\/www.imdi.no\/no\/Arsrapporter\/aarsrapport2009\/Forskerne\/Innvandrere-i-norske-medier\/Under&#8211;og-overrepresentert\/ \u00c5rsmelding fr\u00e5 IMDI 2009 seier: <em>Personer med innvandrerbakgrunn er underrepresentert i norske medier som nyhetsformidlere, kilder og intervjuobjekter.<\/em><\/p>\n<p>Eg m\u00e5tte tenke litt etter og fann d\u00e5 ut at eg trur det stemmer ogs\u00e5 i dei media som eg har best kjennskap til, Setesd\u00f8len og Valle Radio. Sist veke var det eit oppslag i Setesd\u00f8len om Chin-gruppa i Valle som song p\u00e5 Nomeland bedehus, men i Valle Radio har vi knapt hatt med flyktningane i Valle, til tross for at dei er mange og har sterke historier dei kan fortelje. Ein grunn til det er nok spr\u00e5k-barrieren, den f\u00f8rste tida i kommunen kan dei lite norsk, og s\u00e5 misser dei nyhetsinteressa.<\/p>\n<p>Indirekte hadde eg med burmesarar i Valle d\u00e5 eg sende opptak fr\u00e5 ei gudsteneste nyleg, for d\u00e5 song Familiekoret, og fleirtalet av medlemene der er burmesarar. Og \u00d8rnulf laga ei sak p\u00e5 opning av fris\u00f8rsalong og spanske fris\u00f8rar nyleg. Og vi har hatt saker der dei utanlandske l\u00e6rarane p\u00e5 Valle vidareg\u00e5ande skule har vore med og snakka om gullsmedlinja som dei er l\u00e6rarar p\u00e5.<\/p>\n<p>No er det vel og slik at utlendingane som har kome til Valle, ikkje utan vidare vil i radio. Etter kvart er det blitt mange \u00e5 ta av, polske, nederlandske, tyske, svenske og spanske, for \u00e5 ta europeiske, og folk fr\u00e5 Arfika, Asia og S\u00f8r-Amerika har og funne vegen til Valle og Setesdal.<\/p>\n<p>I kveld, laurdag 16. februar 2013, hadde Anne Lindmo eit innslag p\u00e5 TV om ein kurdisk filmskapar som no hadde klar ein spelefilm han hadde laga manus til saman med Kjell Ola Dahl. Eg kom d\u00e5 til \u00e5 tenke p\u00e5 at det sikkert er stoff i det nye landsmenn kan fortelje til artiklar i b\u00e5de Setesd\u00f8len og Jol i Setesdal. Vi f\u00e5r sj\u00e5 om noko nedfeller seg i desse publikasjonane med tida.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sist veke, trur eg, las eg ei melding i ei avis, eller kanskje h\u00f8yrde eg det p\u00e5 TV eller radio, nyheter flyg fort forbi og det er ikkje alltid eg noterer meg tid og medium. Det handla om at nye landsmenn var underrepresentert i media. S\u00e5 googla eg litt og fann ei lenke som bekrefta &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nye-landsmenn-i-media-15539529\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Nye landsmenn i media<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15539529","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15539529"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15539529"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15539529\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15539529"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15539529"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15539529"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}