{"id":15523778,"date":"2013-02-11T22:31:23","date_gmt":"2013-02-11T22:31:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/merkevarebygging-15523778\/"},"modified":"2013-02-11T22:31:23","modified_gmt":"2013-02-11T22:31:23","slug":"merkevarebygging-15523778","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/merkevarebygging-15523778\/","title":{"rendered":"Merkevarebygging"},"content":{"rendered":"<p>I ettertid av finalen i MGP har eg tenkt mykje p\u00e5 det Bykle kommune gjorde d\u00e5 dei sette opp bussar til Oslo og let alle som ville, f\u00e5 vere med i festen. Eg trur det betydde meir for Bykle enn om Fjellfolk hadde kome til Malm\u00f6 og f\u00e5tt ei plassering midt p\u00e5 treet, for her hadde Bykle kommune noko \u00e5 samle seg rundt og identifisere seg med.<\/p>\n<p>Til vanleg h\u00f8yrer ein helst om skiparadiset p\u00e5 Hovden n\u00e5r det er tale om Bykle. Men her fekk kommunen profilert seg p\u00e5 noko heilt anna, p\u00e5 ei musikkgruppe som leverer kvalitet p\u00e5 h\u00f8gaste niv\u00e5 i sin sjanger og som ikkje er redde for \u00e5 seie kor opphavet er, til og med sangen deira handla om det harde livet ein kunne ha i utkantane. Om det ikkje g\u00e5r p\u00e5 livet laust i v\u00e5re dagar, s\u00e5 luskar framleis ulvar rundt i bygdene.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Valle st\u00e5r p\u00e5 for \u00e5 profilere seg hos folk i regionen. I dag tidleg var kultursjef Torunn Charlotte Lund p\u00e5 S\u00f8rlandssendinga for \u00e5 fortelje at kommunen vurderer om dei skal bygge nytt kulturhus og i alle fall m\u00e5 ein ruste opp dei husa ein har. Valle har ikkje tenkt \u00e5 gje fr\u00e5 seg merkelappen kulturkommune.<\/p>\n<p>Medan Torunn var p\u00e5 lufta fleire gonger i dag tidleg, sat 10. klasse p\u00e5 buss til Kristiansand for \u00e5 f\u00e5 omvisning i NRK-huset p\u00e5 Tangen. Der har medarbeidarane i Valle Radio og f\u00e5tt omvisning. Etter ein runde i huset var det klart for finalen i Klasse-quizen, og sanneleg gjekk ikkje Valle-elevane, dei eg hadde med meg i studio onsdagskvelden, til topps i konkurranse med 11 rette svar. Stinta i Arendal klarte 10, s\u00e5 niv\u00e5et var h\u00f8gt denne gongen.<\/p>\n<p>Gratulerer, Eirik Unneland, Gunn Hoftuft og Johan Homme!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I ettertid av finalen i MGP har eg tenkt mykje p\u00e5 det Bykle kommune gjorde d\u00e5 dei sette opp bussar til Oslo og let alle som ville, f\u00e5 vere med i festen. Eg trur det betydde meir for Bykle enn om Fjellfolk hadde kome til Malm\u00f6 og f\u00e5tt ei plassering midt p\u00e5 treet, for her &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/merkevarebygging-15523778\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Merkevarebygging<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15523778","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15523778"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15523778"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15523778\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15523778"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15523778"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15523778"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}