{"id":15508025,"date":"2013-02-06T21:22:07","date_gmt":"2013-02-06T21:22:07","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/til-kilimanjaro-15508025\/"},"modified":"2013-02-06T21:22:07","modified_gmt":"2013-02-06T21:22:07","slug":"til-kilimanjaro-15508025","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/til-kilimanjaro-15508025\/","title":{"rendered":"Til Kilimanjaro"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var eg s\u00e5 heldig at eg fekk med meg Bj\u00f8rg \u00c5kre til \u00e5 fortelje om turen ho hadde til Kilimanjaro i starten av 2013. Det vart ein triveleg time i Valle Radio, for Bj\u00f8rg var mest ikkje komen ned att, sj\u00f8lv om det snart er ein m\u00e5nad sidan turen var slutt.<\/p>\n<p>Ho slengde seg med d\u00e5 det vart ein ledig plass p\u00e5 ein tur som Ada Sofie Austegard hadde tala om d\u00e5 ho var i Valle i haust. Medan dei andre deltakarane hadde f\u00f8rebudd seg i n\u00e6rare eitt \u00e5r, fekk ho bare 14 dagar til \u00e5 gjere seg klar, det var mest ikkje r\u00e5d \u00e5 f\u00e5 ta alle vaksinane ein gong. Ho raska med seg malariatablettar og vona det skulle g\u00e5 bra. Eg kom ikkje s\u00e5 langt at eg fekk sp\u00f8rje henne om det gjekk bra i h\u00f8ve til sjukdomane.<\/p>\n<p>For det gjekk jo bra i h\u00f8ve til \u00e5 kome seg til toppen p\u00e5 verdas h\u00f8gaste frittst\u00e5ande fjell. Dei fjella som er h\u00f8gare, ligg i fjellkjedar, men Kilimanjaro ligg fritt midt i Afrika, og utsynet d\u00e5 sola gjekk opp og dei stod p\u00e5 toppen var ubeskriveleg, alle slags fargar og ein raudfarge bada toppen. Dei var bare der oppe ein halvtime, fekk ta bileta for \u00e5 dokumentere at dei hadde vore der. Men lufta var tunn, s\u00e5 dei var glade for \u00e5 kome nedover att, heile turen den siste dagen tok 18 timar.<\/p>\n<p>Ettersom ho hadde kort tid \u00e5 f\u00f8rebu seg, hadde ho teke seg ein tur langs Strondelene og opp i Berg med ryggsekk, turen i Afrika var noko heilt anna, s\u00e5 det var ei utfordring \u00e5 fullf\u00f8re. Men b\u00e6rarar og medvandrarar hjelpte kvarandre, og turleiarane var og st\u00f8ttande og s\u00e5g til at folk klarte seg. Ein av dei 12 deltakarne p\u00e5 turen m\u00e5tte gje opp f\u00f8r dei kom til topps.<\/p>\n<p>Men Bj\u00f8rg fullf\u00f8rte og kunne tenkt seg \u00e5 ta turen om att med det same. Det vart ei oppleving for livet, sj\u00f8lv om ho felte t\u00e5rer kvar dag. Ein papirengel som son hennar hadde laga til jol var med i sekken, ho opplevde mest at ein engel var med henne og gav styrke p\u00e5 ferda gjennom regnskog nede og m\u00e5nelandskap p\u00e5 toppen.<\/p>\n<p>Takk for ein triveleg time i radiostudio denne onsdagskvelden, Bj\u00f8rg!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var eg s\u00e5 heldig at eg fekk med meg Bj\u00f8rg \u00c5kre til \u00e5 fortelje om turen ho hadde til Kilimanjaro i starten av 2013. Det vart ein triveleg time i Valle Radio, for Bj\u00f8rg var mest ikkje komen ned att, sj\u00f8lv om det snart er ein m\u00e5nad sidan turen var slutt. Ho slengde &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/til-kilimanjaro-15508025\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Til Kilimanjaro<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15508025","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15508025"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15508025"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15508025\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15508025"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15508025"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15508025"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}