{"id":15497333,"date":"2013-02-03T19:54:21","date_gmt":"2013-02-03T19:54:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/02\/sja-jerusalem-15497333\/"},"modified":"2013-02-03T19:54:21","modified_gmt":"2013-02-03T19:54:21","slug":"sja-jerusalem-15497333","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sja-jerusalem-15497333\/","title":{"rendered":"Sj\u00e5, Jerusalem"},"content":{"rendered":"<p>I dag kom eg over ein artikkel av Stig Wern\u00f8 Holter om salmer som ikkje kom med d\u00e5 Salmeboka fr\u00e5 1985 vart reviddert. Han hadde telt dei og funne ut at det var 273 salmer som var med i den gamle salmeboka, men som m\u00e5tte vike plassen for nytt materiale. Det gjekk hardare ut over nynorske salmer enn over bokm\u00e5lssalmer, og den som det gjekk hardast ut over, var Elias Blix. I den nye salmeboka har han bare 22 salmer, medan han hadde 51 salmer med i den forrige.<\/p>\n<p>Stig Wern\u00f8 Holter listar opp alle salmene som forsvann, og nokre av dei er salmer som vi som er godt vaksne, l\u00e6rte p\u00e5 skulen. Andre var salmer vi ikkje l\u00e6rte p\u00e5 skulen, men som har vore i bruk n\u00e5r folk har vore samla til m\u00f8te og gudsteneste og som ikkje var g\u00e5tt ut av bruk. Endeleg var det nok og salmer som knapt var blitt brukt og som heilt klart fortente \u00e5 misse plassen.<\/p>\n<p>Eg kom over ei av Blix-salmene og tenkte \u00e5 dele den med deg som les bloggen min i dag. <em>Sj\u00e5, Jerusalem, sj\u00e5 din konge kjem <\/em> var forma ho hadde no, d\u00e5 vi l\u00e6rte den, var ho litt vanskelegare \u00e5 skj\u00f8ne: <em>Seg, Jerusalem, sj\u00e5 din konung kjem. <\/em><\/p>\n<p>Opprinneleg var ho tenkt som ei advent-salme, men mitt minne om henne er nok heller fr\u00e5 p\u00e5sketida. Biletet er fr\u00e5 palmesundag d\u00e5 Jesus rei inn i Jerusalem. Konge-biletet av Jesus finn ein b\u00e5de i tekstane f\u00f8r jul og f\u00f8r p\u00e5ske, dei g\u00e5r litt over i kvarandre. Difor h\u00f8vde sikkert salma begge stader i kyrkje\u00e5ret.<\/p>\n<p>Eg tenkte eg ville sj\u00e5 om nokon hadde spelt inn salma, og d\u00e5 fann eg Wolfgang Plagge, som hadde teke den med som f\u00f8rste spor p\u00e5 plata Julevariasjonar fr\u00e5 2005. D\u00e5 f\u00e5r du ingen sang, men nydeleg spel. Melodien kjenner vi og fr\u00e5 salma <em>V\u00e5k, o sjel, og be<\/em>. S\u00e5 kan du lese teksten sj\u00f8lv hos liturgisk ressursbank:<br \/>\nhttp:\/\/liturgi.info\/Sj%C3%A5,_Jerusalem,_sj%C3%A5_din_konung_kjem_(LH359)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag kom eg over ein artikkel av Stig Wern\u00f8 Holter om salmer som ikkje kom med d\u00e5 Salmeboka fr\u00e5 1985 vart reviddert. Han hadde telt dei og funne ut at det var 273 salmer som var med i den gamle salmeboka, men som m\u00e5tte vike plassen for nytt materiale. Det gjekk hardare ut over &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sja-jerusalem-15497333\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sj\u00e5, Jerusalem<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15497333","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15497333"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15497333"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15497333\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15497333"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15497333"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15497333"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}