{"id":15483335,"date":"2013-01-30T20:32:15","date_gmt":"2013-01-30T20:32:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/01\/bedehus-i-evje-og-hornnes-15483335\/"},"modified":"2013-01-30T20:32:15","modified_gmt":"2013-01-30T20:32:15","slug":"bedehus-i-evje-og-hornnes-15483335","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bedehus-i-evje-og-hornnes-15483335\/","title":{"rendered":"Bedehus i Evje og Hornnes"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r hadde eg avtalt med Erik Kjebekk at vi kunne ha ein prat om Bedehus i Evje og Hornnes i sendinga mi i Valle Radio. Erik har skrive ein artikkel om dette p\u00e5 lokalhistoriewiki, sj\u00e5 http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Bedehus_i_Evje_og_Hornnes<\/p>\n<p>Den halvtimen fr\u00e5 19.30 til 20 gjekk fort, og gav oss eit innblikk i korleis dei fem bedehusa i Evje og Hornnes kommune hadde blitt til og litt om utviklinga i tida etter. Vi snakka og litt generelt om bedehus, om at det eldste bedehuset i Norge truleg vart bygd ganske tidleg p\u00e5 1800-talet. Men det var tidleg p\u00e5 1900-talet det bl\u00f8mde i Evje og Hornnes, som d\u00e5 var to kommunar. Det eldste huset ligg i Evje sentrum og vart bygd i 1904, s\u00e5 kom Hornnes bedehus \u00e5ret etter, det er i dag det st\u00f8rste bedehuset i kommunen. \u00c5ret etter det igjen kom Moi bedehus, s\u00e5 bygdene reiste tre bedehus p\u00e5 tre \u00e5r. I 1916 kom Flatebygd bedehus, der var det stor aktivitet d\u00e5 Erik Kjebekk, som bur i Flatebygd, vaks opp, men det har g\u00e5tt noko tilbake no. Siste bedehuset kom 20 \u00e5r etter dette att, det ligg i Krossen.<\/p>\n<p>Mange stader diskuterer ein om ein skal ta vare p\u00e5 gamle hus eller sl\u00e5 saman verksemd p\u00e5 fleire hus. Kommunikasjonane i dag er heilt annleis enn f\u00f8r. P\u00e5 det meste var det kan hende godt over 2000 bedehus i Norge, no reknar ein med at det er aktivitet p\u00e5 ein stad mellom 1500 og 2000, trudde Erik Kjebekk. Husa i Evje og Hornnes kommune er framleis i bruk, Tryggheim bedehus i Evje sentrum har stor aktivitet. Der har det vore diskutert om ein skulle bygge nytt hus utanom sentrum, det er ganske trongt der huset st\u00e5r i dag. Hornnes bedehus er ofte nytta til bryllup i tillegg til den vanlege bruken, og Moi bedehus p\u00e5 Moisund har og stor aktivitet. Dei husa med minst aktivitet er nok i Flatebygd og Krossen, trudde Erik Kjebekk. Men i tillegg til desse husa er det og kome Bl\u00e5 Kors-hus p\u00e5 Evje, der er det speiding og sundagsskule, mellom anna.<\/p>\n<p>Bedehusa har hatt ein viktig funksjon i kulturliv og kristenliv i bygdene v\u00e5re, slik har det og vore i Evje og Hornnes.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r hadde eg avtalt med Erik Kjebekk at vi kunne ha ein prat om Bedehus i Evje og Hornnes i sendinga mi i Valle Radio. Erik har skrive ein artikkel om dette p\u00e5 lokalhistoriewiki, sj\u00e5 http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Bedehus_i_Evje_og_Hornnes Den halvtimen fr\u00e5 19.30 til 20 gjekk fort, og gav oss eit innblikk i korleis dei fem bedehusa &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bedehus-i-evje-og-hornnes-15483335\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bedehus i Evje og Hornnes<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15483335","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15483335"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15483335"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15483335\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15483335"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15483335"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15483335"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}