{"id":15471590,"date":"2013-01-27T22:00:25","date_gmt":"2013-01-27T22:00:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/01\/slektsgransking-15471590\/"},"modified":"2013-01-27T22:00:25","modified_gmt":"2013-01-27T22:00:25","slug":"slektsgransking-15471590","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/slektsgransking-15471590\/","title":{"rendered":"Slektsgransking"},"content":{"rendered":"<p>I dag sat eg og s\u00e5g p\u00e5 Lynn Anderson som kom til Norge og fekk m\u00f8te tremenningar og firmenningar i Drangedal og Aremark. I Drangedal dukka det opp ein setesdalsbunad og eg lurte p\u00e5 kven det var som hadde den. S\u00e5 gjekk eg inn p\u00e5 Facebook, og der hadde sp\u00f8rsm\u00e5let alt vore framme. Doktor Hallvard Mosd\u00f8l stadfesta at han hadde vore der.<\/p>\n<p>Eg likar dei programma til Tore, han syner vanlege folk samanhengar som vi knapt visste kunne finnast. Eit anna program er Hvem tror du at du er, der er det meir kjende folk som rotar i slekta for \u00e5 finne svar p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l dei har hatt. Det syner seg, som Hanne Krogh sa i programmet eg s\u00e5g i reprise p\u00e5 NRK2 i dag, at vanlege folks liv og historie kan vere like spennande som ein roman.<\/p>\n<p>Denne veka var eg p\u00e5 biblioteket og l\u00e5nte eit par b\u00f8ker av Victoria Hislop. Ho lagar roman ut av historie, og ho gjer det s\u00e5 godt at det vert spennande. Siste boka hennar, Tr\u00e5den, fortel om Tessaloniki i det 20. hundre\u00e5ret, og syner ei brutal historie som byen der i skj\u00e6ringspunktet mellom tre religionar har g\u00e5tt gjennom. \u00c5 f\u00e5 dette fram gjennom \u00e5 fortelje slektsthistoria til ein familie er godt gjort.<\/p>\n<p>Slektskransking kan vere \u00e5rstal og datoar, men bak desse g\u00f8ymer det seg levd liv. Eg hugsar d\u00e5 vi starta med slektsgransking for ei grein av Reidun si slekt og fann ut at ein av forfedrane hennar hadde site i fangeskap i prisonen i England under Napoleonskrigane. Det egga fantasien, men det var ikkje s\u00e5 mykje eg fann, sj\u00f8lv om eg leita ein del for \u00e5 finne meir. Mykje vil ligge g\u00f8ymt i alle familiesoger, men \u00e5 rote litt i det, er interessant og gjev godt grunnlag for forst\u00e5ing og innsikt.<\/p>\n<p>N\u00e5r eg ser tilh\u00f8va som folk har levd under, er eg takksam for \u00e5 ha f\u00e5tt leve eit godt liv i mi tid. Medkjensla g\u00e5r til dei som misser sine i ulukker og br\u00e5 d\u00f8d, det set s\u00e5r som tek lang tid for \u00e5 gro og som ofte seg att arr som kan prege i lang tid. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag sat eg og s\u00e5g p\u00e5 Lynn Anderson som kom til Norge og fekk m\u00f8te tremenningar og firmenningar i Drangedal og Aremark. I Drangedal dukka det opp ein setesdalsbunad og eg lurte p\u00e5 kven det var som hadde den. S\u00e5 gjekk eg inn p\u00e5 Facebook, og der hadde sp\u00f8rsm\u00e5let alt vore framme. Doktor Hallvard &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/slektsgransking-15471590\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Slektsgransking<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15471590","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15471590"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15471590"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15471590\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15471590"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15471590"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15471590"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}