{"id":15465857,"date":"2013-01-25T22:31:24","date_gmt":"2013-01-25T22:31:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/01\/citroen-c5-15465857\/"},"modified":"2013-01-25T22:31:24","modified_gmt":"2013-01-25T22:31:24","slug":"citroen-c5-15465857","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/citroen-c5-15465857\/","title":{"rendered":"Citroen C5"},"content":{"rendered":"<p>I denne kuldeperioden er det nokre som har sagt meg at Citroen ikkje er s\u00e5 gode i kulda, dei er laga for varmare himmelstr\u00f8k. Men n\u00e5r C5 fungerer, er han ein fryd \u00e5 kj\u00f8re, s\u00e5 eg har no tenkt at eg ville halde p\u00e5 det merket.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg starta bilen i dag, var ikkje alt som det skulle vere. Han sveiv, men ikkje meir enn han m\u00e5tte, og sj\u00f8lv om eg let han bli god og varm f\u00f8r eg starta kj\u00f8re, fekk eg ikkje turtal. Bilen var begynt \u00e5 trekke p\u00e5 \u00e5ra og hadde g\u00e5tt mest 200.000 km, s\u00e5 eg svinga nord til Valle Bil og Maskin for \u00e5 h\u00f8yre om Henry Viki kunne hjelpe eg. Det kunne han, en det tok litt tid f\u00f8r han fann ut av problemet. Snart rulla eg nedover dalen p\u00e5 turre, kalde vegar.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg kom mest til Mandal, mista eg servo, og d\u00e5 er det ikkje s\u00e5 behageleg \u00e5 k\u00f8yre ein Citroen, s\u00e5 eg rulla bort til forhandlaren i Mandal.<\/p>\n<p>-Vil du selje meg ein ny C5? spurde eg. Helst ville eg bare setje fr\u00e5 meg den gamle og k\u00f8yre heim med ein ny.<br \/>\n-D\u00e5 m\u00e5 det bli p\u00e5 pr\u00f8veskilt, sa han, for s\u00e5 seint p\u00e5 dagen klarar eg ikkje \u00e5 setje p\u00e5 nye skilt.<br \/>\n-Greit nok for meg, eg kan kome innom p\u00e5 mandag og f\u00e5 faste skilt, sa eg.<\/p>\n<p>S\u00e5 venta eg ein time medan bilen fekk p\u00e5 seg vinterhjul, og no st\u00e5r ein ny C5 utanfor huset mitt. Turen oppover Setesdal m\u00e5ndag vil nok g\u00e5 om lag p\u00e5 same m\u00e5ten som d\u00e5 eg kom nedover, men lommeboka vil nok vere betydeleg slankare i tida framover enn ho har vore dei siste m\u00e5nadene.<\/p>\n<p>Eg trur nok at bilseljaren var n\u00f8gd i kveld, sj\u00f8lv om han m\u00e5tte jobbe ein time overtid. Bilen eg fekk, hadde ein annan vore inne og sett p\u00e5, s\u00e5 det stod SOLGT p\u00e5 ein plakat. Men det var tre veker sidan, og ingenting skriftleg var avtalt, s\u00e5 han tenkte nok at det er betre \u00e5 selje i dag og s\u00e5 heller l\u00f8yse eventuelle problem i neste veke enn \u00e5 late bilen st\u00e5 til utstilling utan at han som ville ha den, kom og henta den.<\/p>\n<p>Men eg var i grunnen vel n\u00f8gd, eg og. Eg har i grunnen sagt at eg skulle handle min neste bil hos Oddvar Moy, slik eg har gjort med dei siste. Men han har ikkje lenger annonse hos Valle Radio, han m\u00e5tte visst ut av dei lokala han hadde i Kristiansad, kan hende handlar han ikkje s\u00e6rleg mykje no lenger, s\u00e5 eg valde \u00e5 f\u00e5 meg ein Citroen C5 att, hj\u00e5 merkeforhandlaren i Mandal denne gongen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I denne kuldeperioden er det nokre som har sagt meg at Citroen ikkje er s\u00e5 gode i kulda, dei er laga for varmare himmelstr\u00f8k. Men n\u00e5r C5 fungerer, er han ein fryd \u00e5 kj\u00f8re, s\u00e5 eg har no tenkt at eg ville halde p\u00e5 det merket. D\u00e5 eg starta bilen i dag, var ikkje alt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/citroen-c5-15465857\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Citroen C5<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15465857","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15465857"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15465857"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15465857\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15465857"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15465857"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15465857"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}