{"id":15435352,"date":"2013-01-16T20:40:32","date_gmt":"2013-01-16T20:40:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/01\/marknadsundersking-15435352\/"},"modified":"2013-01-16T20:40:32","modified_gmt":"2013-01-16T20:40:32","slug":"marknadsundersking-15435352","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/marknadsundersking-15435352\/","title":{"rendered":"Marknadsunders\u00f8king"},"content":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg ein telefon fr\u00e5 eit byr\u00e5 som driv med marknadsunders\u00f8king. Normalt svarar eg nei p\u00e5 slike telefonar, men det var Valle Sparebank som var kunde og tema, og som kunde i banken kjende eg meg noko forplikta til \u00e5 svare.<\/p>\n<p>Slike unders\u00f8kingar har ofte ein skala p\u00e5 1 til 10, der 1 er d\u00e5rleg og 10 er godt. Men s\u00e5 er det nokre luresp\u00f8rsm\u00e5l som f\u00e5r omvendt skala. Om ein er litt smart, svarar ein fem p\u00e5 alt saman, d\u00e5 slepp ein \u00e5 tenkje. Men n\u00e5r Valle Sparebank er emnet, s\u00e5 f\u00e5r ein skjerpe seg og svare rimeleg p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5la, dei er jo hovudsponsor for Valle Radio, og i kvar sending seier Thor \u00c5mli i reklamen deira at ein f\u00e5r ikkje noko betre enn Valle Sparebank. N\u00e5r til og med Vidar banksjef lovar at han skal ut og sj\u00e5 etter tennene i fontenen n\u00e5r han allikevel er innom i banken om kvelden, skj\u00f8nar ein jo at det stemmer, ein f\u00e5r ikkje noko betre enn Valle Sparebank.<\/p>\n<p>Eg har hatt Vidar Homme med i Valle Radio mange gonger, og han fortel at dei pleier \u00e5 score godt p\u00e5 den marknadsunders\u00f8kinga, som dei gjer kvart \u00e5r. Og n\u00e5r det gjeld banken v\u00e5r, er det sikkert rett, men gruppa Terra, som dei jo er ein del av, vil eg tru f\u00e5r d\u00e5rlegare score, dei selde jo produkt som gjorde at kommunar miste mykje pengar og framleis held p\u00e5 med rettssaker i USA for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 pengane tilbake.<\/p>\n<p>Intervjuaren lurte p\u00e5 om eg hadde ein spesiell kontakt i banken, men eg sa at det hadde eg ikkje, eg opplever \u00e5 verte godt ivareteken same kven eg snakkar med. I romjola hadde eg ein hyggeleg prat med Erling Sagneskar og fekk fiksa ekstra nedbetaling p\u00e5 l\u00e5n, det var ei god l\u00f8ysing som eg var godt n\u00f8gd med, og sj\u00f8lv om banken kanskje i det lange l\u00f8p fekk mindre renteinntekter, var Erling sv\u00e6rt hjelpsam for \u00e5 ordne det eg hadde p\u00e5 hjarta.<\/p>\n<p>Valle Sparebank er nok ikkje den billegaste banken for meg. Men eg har halde meg til banken og meiner at eg har hatt ein god bank dei \u00e5ra eg har budd i Valle, og eg har ikkje planar om \u00e5 bytte bank. Dette fortalde eg ho som var i andre enden av telefonlinja, og eg vonar at tala mine kjem med i oppsettet ho leverer n\u00e5r marknadsunders\u00f8kinga er slutt. Dei er nok anonyme, men truleg vil marknadsunders\u00f8kinga fortelje at kundene er godt n\u00f8gde med Valle Sparebank. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg ein telefon fr\u00e5 eit byr\u00e5 som driv med marknadsunders\u00f8king. Normalt svarar eg nei p\u00e5 slike telefonar, men det var Valle Sparebank som var kunde og tema, og som kunde i banken kjende eg meg noko forplikta til \u00e5 svare. Slike unders\u00f8kingar har ofte ein skala p\u00e5 1 til 10, der 1 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/marknadsundersking-15435352\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Marknadsunders\u00f8king<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15435352","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15435352"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15435352"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15435352\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15435352"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15435352"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15435352"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}