{"id":15415822,"date":"2013-01-10T20:40:15","date_gmt":"2013-01-10T20:40:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/01\/brokke-nord-og-sr-15415822\/"},"modified":"2013-01-10T20:40:15","modified_gmt":"2013-01-10T20:40:15","slug":"brokke-nord-og-sr-15415822","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/brokke-nord-og-sr-15415822\/","title":{"rendered":"Brokke Nord og S\u00f8r"},"content":{"rendered":"<p>I Haralds time i g\u00e5r kveld hadde eg med meg kraftverksdirekt\u00f8r Reidar Ove Mork. Tema for samtalen var Brokke Nord og S\u00f8r, eit prosjekt som har hatt ei lang modningstid f\u00f8r det endeleg vart sett i verk. Han hadde sagt at han ikkje ville slutte f\u00f8r han hadde f\u00e5tt det prosjektet i hamn, men etter kvart hadde han mest ikkje trudd han skulle f\u00e5 det med seg.<\/p>\n<p>Reidar Ove Mork kom til Setesdal i samband med utbygginga av kraft i dalen, selskapet han arbeidde for hadde f\u00e5tt eit oppdrag her. Han arbeidde med boligbygging i Oslo som sivilingeni\u00f8r fr\u00e5 NTH, men vart med til Setesdal og vart verande her, sj\u00f8lv om han ikkje hadde tunnelbygging og kraftverksteknologi i utdanninga si.<\/p>\n<p>Brokke Nord og S\u00f8r er to utbyggingar, ei s\u00f8r for Brokke kraftstasjon som skal leie tre bekker eller elver inn i tunnelen fr\u00e5 Far\u00e5 og ned i kraftverket, den andre nord for Brokke, heilt nord i Bykle, der dei byggjer ein dam i Sarvsjuvet og f\u00f8rer fleire elever og bekkar til den og s\u00e5 har dei ein kraftstasjon, Skarg, som produserer kraft av vatnet f\u00f8r det g\u00e5r vidare til Brokke. Den st\u00f8rste elva som vert f\u00f8rt inn i dette systemet, er Bj\u00f8rnar\u00e5. Alt skal st\u00e5 ferdig til v\u00e5rflaumen i 2014, s\u00e5 sj\u00f8lv om det er meir byrdefullt \u00e5 byggje om vinteren, st\u00e5r dei p\u00e5, det er 130 mann i arbeid der og 30 mann i arbeid i Brokke S\u00f8r. Jo fortare dei blir ferdige, jo fortare kan kraftverket tene pengar p\u00e5 investeringa p\u00e5 900 millionar kroner. Det skal gje straum til 9000 boligar.<\/p>\n<p>Mork fortalde levande om arbeidet med \u00e5 kome s\u00e5 langt som dei er komne til no, tunnelane er store og mykje stein vert frakta ut og lagt i tipp, som grunneigarane og kommunen kan nytte om dei treng masse. Han var spesielt n\u00f8gd med at dei hadde kome fram til minnelege ordningar med alle grunneigarane p\u00e5 slike ting, men sp\u00f8rsm\u00e5let om erstatning for fallrettar sirkulerer enno i rettsalane, H\u00f8gsterett slit med \u00e5 finne l\u00f8ysing p\u00e5 korleis ein skal vurdere dette. Det f\u00e5r vi ta n\u00e5r den tid kjem, sa han og fortalde at han hadde vore til stades p\u00e5 alle rettssakene, -det er interessant \u00e5 h\u00f8yre dei vurderingane som vert lagde til grunn.<\/p>\n<p>Timen gjekk fort, vi var ogs\u00e5 innom krypsivproblema og sp\u00f8rsm\u00e5let om innfrysing, som ikkje vart noko av i \u00e5r p\u00e5 grunn av vegbygginga ved Langeid. S\u00e5 mykje tid til musikk vart det ikkje den timen, praten gjekk og klokka gjekk fort mot 21, d\u00e5 eg overlet mikrofonen til Ronny Stavsholt, som hadde Opi sending til heile Setesdal for f\u00f8rste gong ein onsdagskveld. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Haralds time i g\u00e5r kveld hadde eg med meg kraftverksdirekt\u00f8r Reidar Ove Mork. Tema for samtalen var Brokke Nord og S\u00f8r, eit prosjekt som har hatt ei lang modningstid f\u00f8r det endeleg vart sett i verk. Han hadde sagt at han ikkje ville slutte f\u00f8r han hadde f\u00e5tt det prosjektet i hamn, men etter &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/brokke-nord-og-sr-15415822\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Brokke Nord og S\u00f8r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15415822","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15415822"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15415822"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15415822\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15415822"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15415822"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15415822"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}