{"id":15412751,"date":"2013-01-09T22:58:19","date_gmt":"2013-01-09T22:58:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2013\/01\/fem-ordfrarar-i-samtale-15412751\/"},"modified":"2013-01-09T22:58:19","modified_gmt":"2013-01-09T22:58:19","slug":"fem-ordfrarar-i-samtale-15412751","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fem-ordfrarar-i-samtale-15412751\/","title":{"rendered":"Fem ordf\u00f8rarar i samtale"},"content":{"rendered":"<p>I kveld hadde eg tre ordf\u00f8rarar med meg i studio i Valle Radio: Tarald Myrum i Valle og Leiv Rygg i Bygland. Mor til Leiv, Magnhild Rygg, som var einaste kvinne som har vore ordf\u00f8rar i Setesdal, var og med i samtalen, som i stor grad kom til \u00e5 handle om Stemmerettsjubileet 2013. P\u00e5 telefonen var Bj\u00f8rn Ropstad fr\u00e5 Evje og Hornnes kommune og Jon Rolf N\u00e6ss fr\u00e5 Bykle kommune.<\/p>\n<p>I Evje kommune, som d\u00e5 var eigen kommune, var dei f\u00f8rst med \u00e5 velje inn kvinne i kommunestyret. Det skjedde alt i 1916, men Bj\u00f8rn hadde ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 seie om henne, anna enn at ho heitte Maren Blomkvist.<\/p>\n<p>Neste kvinne kom i Hylestad, som og var eigen kommune f\u00f8r. Der vart Jorunn T. Harstad vald inn i 1946 som vararepresentant for AP. Men fordi den valde representanten, Aani Rysstad, vart vald inn p\u00e5 Stortinget, kom ho inn. Ho sat bare ein periode, og deretter m\u00e5tte ein i Valle vente til 1967 f\u00f8r \u00c5sta M\u00f8ll kom inn i kommunestyret for KrF.<\/p>\n<p>I Bygland kom f\u00f8rste kvinne inn i kommunestyret i 1963. Det var Ingebj\u00f8rg Almedal, f\u00f8dd Lande. Magnhild Rygg kunne fortelje at ho var mormor til Gunstein Bakke, forfattaren.<\/p>\n<p>I Bykle venta dei til 1968, d\u00e5 kom det to kvinner inn i kommunestyret, Margit Hoslemo og Gunhild Lyngtveit.<\/p>\n<p>Tarald Myrum kunne fortelje ei historie om at det ikkje var lett \u00e5 vere kvinne i Valle kommunestyre. \u00c5sta M\u00f8ll var noko plaga av r\u00f8yken, som l\u00e5g tett som skodde i romet der m\u00f8ta var. Ho hadde difor sagt &#8220;jeg d\u00f8r av denne r\u00f8yken&#8221;. -Heve dei ikkje varamenn i Kristeleg Folkeparti, var kommentaren fr\u00e5 andre enden av romet.<\/p>\n<p>Elles gjekk praten mellom dei fem om oppg\u00e5ver i 2013. N\u00e6ringsutvikling er ei viktig oppg\u00e5ve, \u00e5 sikre at Riksveg 9 f\u00e5r full uttelling i Nasjonal Transportplan er ogs\u00e5 sv\u00e6rt viktig. Der lova dei \u00e5 halde fullt trykk framover.<\/p>\n<p>Magnhild fortalde at i hennar heile periode som ordf\u00f8rar, var dei fire kvinner og ein mann i formannskapet. Arna Bakke og Reidun Horverak var varaordf\u00f8rarar den perioden, og det skuldast ikkje noko kvinnekupp, det bare vart slik. Ho gjekk inn i mange oppg\u00e5ver som hadde vore initiert av forgjengaren hennar, s\u00e5 det var ein travel periode p\u00e5 seks \u00e5r ho var leiar i Bygland kommune.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld hadde eg tre ordf\u00f8rarar med meg i studio i Valle Radio: Tarald Myrum i Valle og Leiv Rygg i Bygland. Mor til Leiv, Magnhild Rygg, som var einaste kvinne som har vore ordf\u00f8rar i Setesdal, var og med i samtalen, som i stor grad kom til \u00e5 handle om Stemmerettsjubileet 2013. P\u00e5 telefonen &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fem-ordfrarar-i-samtale-15412751\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fem ordf\u00f8rarar i samtale<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15412751","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15412751"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15412751"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15412751\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15412751"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15412751"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15412751"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}