{"id":15326946,"date":"2012-12-16T22:18:01","date_gmt":"2012-12-16T22:18:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/12\/jolebord-med-valle-radio-15326946\/"},"modified":"2012-12-16T22:18:01","modified_gmt":"2012-12-16T22:18:01","slug":"jolebord-med-valle-radio-15326946","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolebord-med-valle-radio-15326946\/","title":{"rendered":"Jolebord med Valle Radio"},"content":{"rendered":"<p>Eg trur me var 14 som m\u00f8ttest til jolebord med Valle Radio i dag klokka 16 p\u00e5 Valle Motell. Det er ein tradisjon me har hatt mest s\u00e5 lenge radioen har halde p\u00e5. Etter ei god bordsete fekk me ein god prat om radioen i \u00e5ret som kjem.<\/p>\n<p>Det er nokre nye ting som me gler oss til. No skal me sende til heile dalen kvar onsdagskveld. Radio Evje har bede om at me legg opp til det, og det vil jo gje fleire som ringer inn n\u00e5r det er opi sending, men programleiarane kan og utvide nedslagsfeltet og lage radio med gjester fr\u00e5 alle kommunane i Setesdal, der me no stort sett har halde oss til Valle.<\/p>\n<p>Me vil og pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 folk i andre kommunar til \u00e5 lage program, no kan ein lage program direkte p\u00e5 smart-telefonane. Om folk d\u00e5 lastar dei opp til ein Dropbox som programleiarane kan ha tilgang til, kan dei f\u00e5 hjelp til programma sine. Mange opplever at \u00e5 lage program til to timar er mykje, s\u00e5 mange vil setje pris p\u00e5 om dei f\u00e5r program fr\u00e5 andre. Musikkprogram med Leif Kvinlog, Johs Bj\u00f8rkli og andre kan ogs\u00e5 vere ei avlastning for stressa programleiarar.<\/p>\n<p>Eit tredje tiltak som ein har hatt p\u00e5 tapetet lenge, er \u00e5 legge programma ut som podcast. Dette har vore klart ei stund, men ikkje sett i verk enno. Vona er \u00e5 f\u00e5 det til v\u00e5ren 2013.<\/p>\n<p>Det var ein hyggeleg prat etter eit m\u00e5ltid god mat. S\u00e5 gjekk me kvar til v\u00e5rt, men Bj\u00f8rgulv og \u00d8rnulf vart att for \u00e5 planlegge sendinga 22. desember, n\u00e5r det er stort arrangement i sentrum i Valle, og radioen sj\u00f8lvsagt vil vere med p\u00e5 p\u00e5 festen. Det er visst tanken \u00e5 f\u00e5 Sigurd Haugsgjerd til \u00e5 trekke linjer for \u00e5ret som ligg bak oss. Og s\u00e5 skal andaktshaldarane ha sitt joleprogram, i tillegg skal det vere mykje anna den kvelden. S\u00e5 dei skreiv og la planar, men eg gjekk til datamaskinen for \u00e5 planlegge litt n\u00e6rare prosjekt. I morgon er det atter ein dag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg trur me var 14 som m\u00f8ttest til jolebord med Valle Radio i dag klokka 16 p\u00e5 Valle Motell. Det er ein tradisjon me har hatt mest s\u00e5 lenge radioen har halde p\u00e5. Etter ei god bordsete fekk me ein god prat om radioen i \u00e5ret som kjem. Det er nokre nye ting som me &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolebord-med-valle-radio-15326946\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jolebord med Valle Radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15326946","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15326946"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15326946"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15326946\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15326946"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15326946"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15326946"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}