{"id":15291875,"date":"2012-12-07T13:58:15","date_gmt":"2012-12-07T13:58:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/12\/skilnaden-mellom-sprsmal-og-a-realisere-15291875\/"},"modified":"2012-12-07T13:58:15","modified_gmt":"2012-12-07T13:58:15","slug":"skilnaden-mellom-sprsmal-og-a-realisere-15291875","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skilnaden-mellom-sprsmal-og-a-realisere-15291875\/","title":{"rendered":"Skilnaden mellom sp\u00f8rsm\u00e5l og \u00e5 realisere"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r du f\u00e5r eit sp\u00f8rsm\u00e5l om \u00e5 k\u00e5sere p\u00e5 jolebord om tre veker, er det lett \u00e5 svare ja, men n\u00e5r dagen n\u00e6rmar seg, tenkjer i alle fall eg ofte at eg skulle ha svart nei, kvifor utsetje seg sj\u00f8lv for noko s\u00e5 nervepirrande i staden for bare \u00e5 ha ein hyggeleg kveld utan \u00e5 stikke seg fram.<\/p>\n<p>Slik vart det i \u00e5r og, no har eg g\u00e5tt i mange dagar og fundert p\u00e5 kva eg skulle ha som tema og korleis eg skulle legge opp heile k\u00e5seriet, og no n\u00e6rmar det seg stygt, og eg har enno ikkje funne forma, sj\u00f8lv om eg trur eg anar kva eg kjem til \u00e5 snakke om. Det vert ikkje det som st\u00e5r i jolebordsongen du fekk lese i g\u00e5r, det er jo der, s\u00e5 eg m\u00e5 finne noko anna \u00e5 kommentere.<\/p>\n<p>Ideelt sett burde eg ha skrive k\u00e5seriet, slik at eg var trygg n\u00e5r eg skulle halde det og hadde eit papir \u00e5 st\u00f8 meg til. No rekk eg ikkje det, ser det ut til, og \u00e5 st\u00f8tte seg til eit papirark er jo noks\u00e5 mager st\u00f8tte i alle fall. Eg m\u00e5 nok ha det p\u00e5 plass i hovudet, i alle fall i grove trekk, og s\u00e5 f\u00e5r det g\u00e5 som det vil.<\/p>\n<p>Dei gongene eg har skrive k\u00e5seria mine, blir det ofte noko bunde, den munnlege forma vil ikkje ut av det kvite arket, s\u00e5 n\u00e5r eg st\u00e5r der og skal halde det, g\u00e5r det ikkje s\u00e5 lenge f\u00f8r talen er utan forankring i papiret, men flyt fritt etter tankespinn som p\u00e5 ein eller annan m\u00e5te rullar mellom k\u00e5s\u00f8r og publikum. Annleis nok for dei som k\u00e5serte fem p\u00e5 halv \u00e5tte i P2 f\u00f8r, dei hadde jo ikkje nokon reaksjon \u00e5 m\u00e5le k\u00e5seriet etter. No er det borte, radiok\u00e5seri er visst ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 samle p\u00e5, sj\u00f8lv om eg som er s\u00e5 gamal at eg hugsar Richard Herrmann sine k\u00e5seri fr\u00e5 London som glitrande talekunst. Sj\u00f8lv har eg pr\u00f8vd \u00e5 ha k\u00e5seri i det kvarteret eg har i starten av tysdagssendingane, det g\u00e5r litt opp og ned, men eg har no halde fast p\u00e5 forma. S\u00e5 f\u00e5r det v\u00e5ge seg i kveld og. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r du f\u00e5r eit sp\u00f8rsm\u00e5l om \u00e5 k\u00e5sere p\u00e5 jolebord om tre veker, er det lett \u00e5 svare ja, men n\u00e5r dagen n\u00e6rmar seg, tenkjer i alle fall eg ofte at eg skulle ha svart nei, kvifor utsetje seg sj\u00f8lv for noko s\u00e5 nervepirrande i staden for bare \u00e5 ha ein hyggeleg kveld utan \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skilnaden-mellom-sprsmal-og-a-realisere-15291875\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Skilnaden mellom sp\u00f8rsm\u00e5l og \u00e5 realisere<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15291875","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15291875"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15291875"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15291875\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15291875"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15291875"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15291875"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}