{"id":15227774,"date":"2012-11-20T18:25:19","date_gmt":"2012-11-20T18:25:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/11\/pernille-15227774\/"},"modified":"2012-11-20T18:25:19","modified_gmt":"2012-11-20T18:25:19","slug":"pernille-15227774","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pernille-15227774\/","title":{"rendered":"Pernille"},"content":{"rendered":"<p>Kafeen i Sentrumsbygget er m\u00f8testad for mange. I november har eg hatt h\u00f8ve til \u00e5 stoppe der nokre gonger, og eg ser at mange eldre menn likar \u00e5 sitje der. Dei kjem til middag og sit b\u00e5de ein time og to timar f\u00f8r dei g\u00e5r heim. D\u00e5 l\u00f8yser dei verdsproblem b\u00e5de p\u00e5 heimefronten og utefronten, verkar det som, for praten g\u00e5r livleg rundt bordet.<\/p>\n<p>For meg har det h\u00f8vd slik at eg har f\u00e5tt meg middag der. Eg vart tipsa av Ove Kjets\u00e5 om at det var r\u00e5d \u00e5 kj\u00f8pe klippekort p\u00e5 middagane. Han har seg middag der mest kvar dag, som oftast saman med Tony Halsall. D\u00e5 f\u00e5r ein dagens middag med dessert for 95 kroner. Kortet kostar 950 kroner, ein m\u00e5 alts\u00e5 rekne med \u00e5 kj\u00f8pe 10 middagar. Men det er r\u00e5d \u00e5 f\u00e5 til det for folk som er p\u00e5 Evje noks\u00e5 regelmessig.<\/p>\n<p>I g\u00e5r sat eg der saman med Over og Tony. Ove eig og driv Kjets\u00e5 Design, det er han som har laga logoen til Setesdalswiki, han lagar og mykje av designen som Setesdal Regionr\u00e5d nyttar, han held til i bygget som Setesdalstrykk har p\u00e5 Evje. Saman med kameraten Tony Halsall, som jobbar i Otrahallen, er han ivrig o-l\u00f8par, ein sesong fekk dei med seg 50 orienteringsl\u00f8p. Praten gjekk rundt Setesdalswiki, Ove held seg unna datamaskinen n\u00e5r han har fri, men Tony er p\u00e5 nett det meste av tida. Han er ogs\u00e5 ivrig fotograf, denne gongen hadde han bilete fr\u00e5 handball-laget til Otra IL som hadde vore i Froland og vunne kampen, og d\u00e5 hadde dei blitt s\u00e5 glade at ein sprut av konfetti dryssa ned over spelarane.<\/p>\n<p>S\u00e5 gjekk dei tilbake til kvar sine gjerem\u00e5l. D\u00e5 oppdaga eg at Olav Knutson Rike sat ved eit anna bord. Han hadde kome fr\u00e5 Kristiansand med buss til Evje, no venta han p\u00e5 buss vidare opp dalen. Dermed fekk eg selskap i bilen oppover denne m\u00e5ndagskvelden. Praten gjekk minst like livleg som rundt kafeborda p\u00e5 Pernille, s\u00e5 den turen fr\u00e5 Evje til Valle gjekk fort, sj\u00f8lv om vi nok brukte lenger tid p\u00e5 turen enn eg pleier n\u00e5r eg k\u00f8yrer aleine. Pernille har ein viktig funksjon midt i Evje sentrum.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kafeen i Sentrumsbygget er m\u00f8testad for mange. I november har eg hatt h\u00f8ve til \u00e5 stoppe der nokre gonger, og eg ser at mange eldre menn likar \u00e5 sitje der. Dei kjem til middag og sit b\u00e5de ein time og to timar f\u00f8r dei g\u00e5r heim. D\u00e5 l\u00f8yser dei verdsproblem b\u00e5de p\u00e5 heimefronten og utefronten, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pernille-15227774\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Pernille<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15227774","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15227774"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15227774"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15227774\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15227774"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15227774"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15227774"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}