{"id":15213741,"date":"2012-11-16T21:25:59","date_gmt":"2012-11-16T21:25:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/11\/frisrbesk-15213741\/"},"modified":"2012-11-16T21:25:59","modified_gmt":"2012-11-16T21:25:59","slug":"frisrbesk-15213741","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frisrbesk-15213741\/","title":{"rendered":"Fris\u00f8rbes\u00f8k"},"content":{"rendered":"<p>Av og til m\u00e5 ein til fris\u00f8ren. I Valle kommune har det vore vanskeleg den siste tida, men no er det lys i tunnelen, i alle fall for menn, men kanskje og for kvinner. Kan hende l\u00f8yser seg for kvinner ved at folk fr\u00e5 Europa kjem til oss og skaffar seg eit levebr\u00f8d, det er sikkert mange arbeidsledige fris\u00f8rar i b\u00e5de Spania og Hellas.<\/p>\n<p>Suchirarart Dappakphing har etablert fris\u00f8rsalong for menn p\u00e5 Rysstad, kunne vi lese i Setesd\u00f8len 9. november 2012 side 10. Ho har drive som fris\u00f8r i Thailand i over 25 \u00e5r, s\u00e5 erfaringa er det ikkje noko i vegen med. Suchirarart Dappakphing er elev p\u00e5 vaksenoppl\u00e6ringa i Vallle, og i dag tok eg turen til henne for \u00e5 f\u00e5 stelt h\u00e5ret mitt, det var blitt s\u00e5 langt at det kr\u00f8lla seg over \u00f8yro. Ho har stelt til eit lite rom i huset til Odd Pedersen like ved S\u00f8lvgarden, og snart sat eg i stolen og vart dulla med etter alle kunstens reglar.<\/p>\n<p>-Skal eg ta mykje eller lite, spurde ho.<br \/>\n-Ta mykje, svarte eg.<\/p>\n<p>S\u00e5 gjekk ho i gang med elektrisk klippemaskin, det var s\u00e5 behageleg at ein kunne sovne. Lokkene fall og eg kjende meg betre for kvart minutt. Ho tok seg god tid, men etter kvart vart ho ferdig. D\u00e5 var det fram med s\u00e5pe og barberkniv for \u00e5 kutte fin kant rundt heile, ja, ho tok h\u00e5rvekst i \u00f8yrene ogs\u00e5. Eg vart s\u00e5 fint klypt som eg sjeldan har vore, men prisen var som i fris\u00f8rsalongen eg har brukt \u00e5 g\u00e5 i i Mandal, 200 kroner. Og p\u00e5 Rysstad slapp eg parkeringsproblema eg har der, s\u00e5 eg vil nok bruke Suchirarart som fris\u00f8r fleire gonger, det var ei fin oppleving.<\/p>\n<p>Eg tenkte eg kunne dele den med deg, det er ei glede om vi kan f\u00e5 bruke ressursane som utlendingar som kjem til Valle kan tilf\u00f8re bygda. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av og til m\u00e5 ein til fris\u00f8ren. I Valle kommune har det vore vanskeleg den siste tida, men no er det lys i tunnelen, i alle fall for menn, men kanskje og for kvinner. Kan hende l\u00f8yser seg for kvinner ved at folk fr\u00e5 Europa kjem til oss og skaffar seg eit levebr\u00f8d, det er &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frisrbesk-15213741\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fris\u00f8rbes\u00f8k<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15213741","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15213741"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15213741"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15213741\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15213741"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15213741"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15213741"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}