{"id":15186343,"date":"2012-11-09T21:57:08","date_gmt":"2012-11-09T21:57:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/11\/kvs-bygland-15186343\/"},"modified":"2012-11-09T21:57:08","modified_gmt":"2012-11-09T21:57:08","slug":"kvs-bygland-15186343","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kvs-bygland-15186343\/","title":{"rendered":"KVS Bygland"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld tok eg turen til KVS Bygland. Dei skulle vigsle eit nybygg med matsal og m\u00f8terom og diverse andre rom, to etasjar, 10 millionar. Etter omvisning og kveldsmat i det nye bygget gjekk vi p\u00e5 glatt f\u00f8re opp til KVS-hallen for m\u00f8te klokka 19.30. Der helsa styreleiar Anne Ma Timenes velkommen og gav ordet til rektor Ole Magne Omdal som leia ein fin fest i ein ledig tone. Mange bygdefolk m\u00f8tte opp sj\u00f8lv om det var ein torsdagskveld, eg trur nok at 40 av dei 74 elevane var der, tre av dei hadde innslag. Det var ogs\u00e5 sang av eit team fr\u00e5 Bibelskolen i Grimstad som KVS-Bygland samarbeider ein del med. Og s\u00e5 var det tale av Erik Furnes, generalsekret\u00e6r i Indremisjonsforbundet. Han nytta seg av powerpoint, dermed var det lett \u00e5 fylgje ein god tale om \u00e5 ikkje sleppe til mismot og motl\u00f8yse.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein tenkjer p\u00e5 utviklinga p\u00e5 KVS Bygland i l\u00f8pet av ti \u00e5r, m\u00e5 det vel sj\u00e5ast p\u00e5 som ein draum b\u00e5de av skuleeigar og Bygland kommune. Skogskulen vart lagd ned fordi det var ur\u00e5d \u00e5 samle elevar, no g\u00e5r det 74 elevar der, og neste \u00e5r utvidar dei internatkapasiteten med 8 hyblar, s\u00e5 d\u00e5 vil dei kunne ha over 80 elevar. S\u00e5 langt eg kunne sj\u00e5, var det f\u00e5 jenter som gjekk p\u00e5 skulen, eg trur eg bare s\u00e5g tre-fire jenter der, s\u00e5 dei har eit problem med \u00e5 f\u00e5 betre balanse, men \u00e5 gje praktisk utdanning og \u00e5 ha h\u00f8ve til \u00e5 forkynne dagleg til s\u00e5 mange unge m\u00e5 vere ei oppg\u00e5ve som gleder Indremisjonsforbundet.<\/p>\n<p>-Slik kveldsmat vil vi ha kvar dag, sa elevane, dei \u00e5t i lag med gjestene, og kunne gle seg over egger\u00f8re og salami og mange andre p\u00e5leggsortar \u00e5 velje mellom. I tillegg var det b\u00e5de bl\u00f8tkake og sjokoladekake, det var jo fest, vigsling av eit h\u00f8veleg bygg, tenleg for dei tilsette og elevar, ja, heile bygda kunne nyte godt av det, meinte rektor. Bygdekvinnelaget hadde alt pr\u00f8vd m\u00f8teromet og kytte over opplevinga.<\/p>\n<p>For min del var det f\u00f8rste gongen eg var innom skulen. Det var ei positiv oppleving. Eg \u00f8nskjer lukke til med arbeidet til alle som har oppg\u00e5ver der.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld tok eg turen til KVS Bygland. Dei skulle vigsle eit nybygg med matsal og m\u00f8terom og diverse andre rom, to etasjar, 10 millionar. Etter omvisning og kveldsmat i det nye bygget gjekk vi p\u00e5 glatt f\u00f8re opp til KVS-hallen for m\u00f8te klokka 19.30. Der helsa styreleiar Anne Ma Timenes velkommen og gav &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kvs-bygland-15186343\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">KVS Bygland<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15186343","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15186343"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15186343"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15186343\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15186343"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15186343"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15186343"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}