{"id":15062944,"date":"2012-10-17T19:36:49","date_gmt":"2012-10-17T19:36:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/10\/variert-onsdag-15062944\/"},"modified":"2012-10-17T19:36:49","modified_gmt":"2012-10-17T19:36:49","slug":"variert-onsdag-15062944","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-onsdag-15062944\/","title":{"rendered":"Variert onsdag"},"content":{"rendered":"<p>Eg m\u00e5tte overta denne onsdagen for \u00d8yvind Jacob, han hadde det visst travelt. Eg veit ikkje om det var dei nye stutane dei har f\u00e5tt i Brokke Naturkj\u00f8t eller om det var noko anna, men eg sa ja til \u00e5 ta onsdagskvelden. S\u00e5 var det kva ein skulle ha i programmet d\u00e5. Noko l\u00e5g fast, andakten skulle Torleif ha, kommunen informerer var ved Marie Lovise Johnsen fr\u00e5 Setesdal barnevern. Men resten m\u00e5tte eg fylle i sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Eg las at Setsdal Regionr\u00e5d skulle ha m\u00f8te i dag p\u00e5 Valle Motell, s\u00e5 eg sende ein epost til Signe Sollien Haug\u00e5 og spurte om ho eller Leiv Rygg kunne kome. Det vart Signe som kom, og ho hadde mykje nytt \u00e5 fortelje. Det hadde vore politir\u00e5d etter lunsj, d\u00e5 kom Kirsten Lindeberg med f\u00f8lgje for \u00e5 snakke om aktuelle sp\u00f8rsm\u00e5l i Setesdal. Det er visst slik at det ikkje er s\u00e5 mykje kriminalitet i Setedal, s\u00e5 dei hadde tema f\u00f8rebygging denne gongen. Av saker som dei elles hadde oppe i regionr\u00e5det, var det nok saka om ladestasjonar for el-bilar som hadde vekt mest glede. Det har vore ei arbeidsgruppe i sving for \u00e5 greie ut dette, og dei fekk klarsignal for \u00e5 g\u00e5 vidare med saka. Det er tale om \u00e5 f\u00e5 to slike stasjonar i kvar kommune.<\/p>\n<p>Etter at ho var ferdig, tok eg ein telefon til Lisbeth Dalquist Homme. Ho fortalde om bamsekvelden som skal vere p\u00e5 biblioteket neste onsdag, 24. oktober. D\u00e5 skal barn feire bamsens f\u00f8dselsdag.<\/p>\n<p>Siste innslag i den aktuelle timen var ein samtale med Kim Andr\u00e9 Rysstad, som var p\u00e5 Voss for \u00e5 hente vinterdekk. Neste onsdag skal han ha konsert med vener p\u00e5 Soknehuset p\u00e5 Rysstad. Eg gratulerte han med Beat for Beat. Han opplevde det og hyggeleg, og med ein million sj\u00e5arar fekk han eit stort publikum. S\u00e5 mange blir det jo ikkje p\u00e5 Rysstad, men han vona det kom nokre for \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5, sj\u00f8lv om han har hatt fleire konsertar her i heimbygda i det siste. Og s\u00e5 kjem Knut Reiersrud med p\u00e5 konserten, det gledde han seg til. Dei andre musikarane er folk han har hatt med seg p\u00e5 ulike turnear, dei er hans faste husband, s\u00e5 \u00e5 seie.<\/p>\n<p>Kulturveka prega og Haralds time med gjester, d\u00e5 var det Gunnar Stubseid som var gjest. Han er leiar i Valle M\u00e5llag, dei skal ha markering laurdag i h\u00f8ve at vallemal.no har samla inn 10.000 ord p\u00e5 ti \u00e5r. D\u00e5 kjem professor Torp fr\u00e5 Universitetet i Oslo for \u00e5 snakke om Vallem\u00e5let, akkurat no har han Marianne Harstad som student, og d\u00e5 har han studert Vallem\u00e5let litt ekstra.<\/p>\n<p>Siste gjest var Karen-Lise Scheie Knudsen fr\u00e5 Amnesty International si avdeling i Kristiansand. Ho var p\u00e5 Valle skule i h\u00f8ve Bygdedagen deira i kveld, og s\u00e5 kom ho innom f\u00f8r ho reiste heim att. Ho fortalde levande om engajsementet for Amnesty om kva pengane fr\u00e5 innsamlinga kunne brukast til.<\/p>\n<p>Ein variert kveld i radioen i kveld. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg m\u00e5tte overta denne onsdagen for \u00d8yvind Jacob, han hadde det visst travelt. Eg veit ikkje om det var dei nye stutane dei har f\u00e5tt i Brokke Naturkj\u00f8t eller om det var noko anna, men eg sa ja til \u00e5 ta onsdagskvelden. S\u00e5 var det kva ein skulle ha i programmet d\u00e5. Noko l\u00e5g fast, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-onsdag-15062944\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Variert onsdag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15062944","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15062944"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15062944"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15062944\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15062944"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15062944"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15062944"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}