{"id":15034375,"date":"2012-10-12T21:58:55","date_gmt":"2012-10-12T21:58:55","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/10\/kim-andre-rysstad-15034375\/"},"modified":"2012-10-12T21:58:55","modified_gmt":"2012-10-12T21:58:55","slug":"kim-andre-rysstad-15034375","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kim-andre-rysstad-15034375\/","title":{"rendered":"Kim Andr\u00e9 Rysstad"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var Kim Andr\u00e9 Rysstad med i Beat for Beat og der synte han ei anna side av seg sj\u00f8lv enn den vi har sett gjennom platene hans. Eg lurte p\u00e5 korleis det skulle g\u00e5 med han i programmet, som jo alt for ofte nyttar engelske songar. Rett nok visste eg at han elskar Whitney, men det er jo s\u00e5 mykje meir.<\/p>\n<p>S\u00e5 kjem han inn og overtyder oss der og, str\u00e5lande framf\u00f8ring og overtydande engasjement. Partnaren Mari Klingen presenterte seg som sv\u00e6rt oppteken av vokalsang, Kim song s\u00e5 taket lyfta seg som den flotte vokalisten han er. Sanneleg fekk han plass til eit stev og:<\/p>\n<p>Det lypte lett i dei spr\u00e6ke gute,<br \/>\nan sto \u00e5 jala p\u00e5 Svorvarnut\u00e6.<br \/>\nAn fimnde ut i mot verdi vi,<br \/>\n\u00e5 ba om vengje for \u00e5ndi si.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 an augo mot dale vende,<br \/>\nan fekk a glimt av a ljoskl\u00e6tt kvende.<br \/>\nD\u00e5 utf\u00e6rshugjen ass kvorv som eim,<br \/>\n\u00e5 an lengta atte ti dale heim<\/p>\n<p>     <strong>Torgeir Drengsson Bj\u00f8rnar\u00e5 (1864-1951)<\/strong><\/p>\n<p>Rett nok tok han bare det f\u00f8rste verset av stevet, og programleiaren Ivar Dyrhaug lurte sv\u00e6rt p\u00e5 Svorvarnuten, men Kim fleipa bort fakta, noko som var heilt naturleg i programmet. Her kan du sj\u00e5 kor fjellet ligg: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Svorvaren<\/p>\n<p>Kveldens program hadde styrke nettopp fordi det var prega av norsk musikk, ikkje bare den engelske, til og med folkemusikk, og Aasmund Nordstoga, som driv garden der Aasmund Olavson Vinje vaks opp, var saman med den musikalske makkeren sin,  Lena Jinnergren, ein god match for Kim og Mari.<\/p>\n<p>End\u00e5til allsang vart det, d\u00e5 den eine sangen var Alle fugler. Det kunne ein gjort meir av i programmet, her var det till\u00f8p til fleirstemt sang. Eit str\u00e5lande program, eg m\u00e5tte sj\u00e5 heile programmet f\u00f8r eg gjekk over til landskampen i fotball. Heldigvis klarte Norge uavgjort, s\u00e5 vart det ingen nedtur der heller, og d\u00e5 var det i grunnen nok TV-sj\u00e5ing ein fredagskveld.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var Kim Andr\u00e9 Rysstad med i Beat for Beat og der synte han ei anna side av seg sj\u00f8lv enn den vi har sett gjennom platene hans. Eg lurte p\u00e5 korleis det skulle g\u00e5 med han i programmet, som jo alt for ofte nyttar engelske songar. Rett nok visste eg at han elskar &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kim-andre-rysstad-15034375\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kim Andr\u00e9 Rysstad<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-15034375","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15034375"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15034375"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15034375\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15034375"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15034375"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15034375"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}