{"id":14920636,"date":"2012-09-30T20:16:54","date_gmt":"2012-09-30T20:16:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/09\/mellom-lille-gyvatn-og-launes-14920636\/"},"modified":"2012-09-30T20:16:54","modified_gmt":"2012-09-30T20:16:54","slug":"mellom-lille-gyvatn-og-launes-14920636","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mellom-lille-gyvatn-og-launes-14920636\/","title":{"rendered":"Mellom Lille Gyvatn og Launes"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv eg om Lille Gyvatn i Bygland p\u00e5 Setesdalswiki. I dag utvida Reidar Tveito artikkelen og la til bilete av vatnet. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Lille_Gyvatn Slik skal Setesdalswiki fungere. Den som veit noko, fyller p\u00e5 artiklane slik at folk f\u00e5r vite meir n\u00e5r dei les artiklane. Samla aukar d\u00e5 kunnskapen om Setesdal for alle.<\/p>\n<p>Som eg fortalde i g\u00e5r, fekk vi bes\u00f8k vestfr\u00e5 til Mandal denne helga. I g\u00e5r var dei p\u00e5 spasertur i nabolaget og kom heim att v\u00e5te som kr\u00e5ker etter \u00e5 ha f\u00e5tt ei skikkeleg byge over seg. Paraply var ikkje nok til \u00e5 unng\u00e5 av sko og klede fekk seg ei bl\u00f8yte, s\u00e5 i natt stod det tre par sko p\u00e5 badet og pr\u00f8vde \u00e5 bli turre att.<\/p>\n<p>Klok av skade tok eg svogeren med p\u00e5 biltur i dag. Vi trilla p\u00e5 svingete vegar til Tregde, Eigebrekk, Harkmark, \u00c5s, Launes, Fuglevik, Dal og Eid f\u00f8r vi snudde heimover via Valand, H\u00e5land, Ime og J\u00e5bekk. Undervegs prata vi p\u00e5 telefon med svigersonen til svogeren min og fekk vete kor sommarhuset deira l\u00e5g. Det var p\u00e5 vegar eg neppe hadde v\u00e5ga meg inn p\u00e5 om ikkje han hadde vore vegvisar over telefon. Kan hende vil dei ha det slik, det reduserer trafikken til \u00e5 vere dei som har noko der \u00e5 gjere. Vi fann huset, putekassen hadde vinden velta, nokre blomar stod og p\u00e5 hovudet, s\u00e5 vi gjorde dagens gode gjerning d\u00e5 vi fekk det p\u00e5 rett kj\u00f8l att og vonar at neste hauststorm ikkje kjem f\u00f8r huseigarane har vore p\u00e5 hyttetur og berga det som st\u00e5r ute.<\/p>\n<p>Lengst aust i Mandal kommune stikk T\u00e5nes og Launes ut i havet, sm\u00e5 fjordar og viker stikk seg inn og gjev mange lune plassar der folk kan setje opp hytter. Og hytter har det blitt, men det er visst plass til fleire, for vi s\u00e5 tomter til sals for ein halv million der vi trilla. Det var og hytter for sal i omr\u00e5det. Og sj\u00f8lv om det er mange turistar her om sommaren, kan folk ha det noks\u00e5 roleg i sine sm\u00e5 viker og bukter. Fr\u00e5 landsida er det i alle fall vanskeleg \u00e5 finne dei.<\/p>\n<p>Vel heime venta middag med r\u00e5dyr og sviskegr\u00f8t p\u00e5 menyen. Det var verd \u00e5 vente p\u00e5, r\u00e5dyr fr\u00e5 Hylestad er snadder anten ein et det i Mandal eller Setesdal.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv eg om Lille Gyvatn i Bygland p\u00e5 Setesdalswiki. I dag utvida Reidar Tveito artikkelen og la til bilete av vatnet. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Lille_Gyvatn Slik skal Setesdalswiki fungere. Den som veit noko, fyller p\u00e5 artiklane slik at folk f\u00e5r vite meir n\u00e5r dei les artiklane. Samla aukar d\u00e5 kunnskapen om Setesdal for alle. Som eg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mellom-lille-gyvatn-og-launes-14920636\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Mellom Lille Gyvatn og Launes<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-14920636","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14920636"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14920636"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14920636\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14920636"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14920636"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14920636"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}