{"id":1489337,"date":"2006-12-29T00:51:09","date_gmt":"2006-12-29T00:51:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/12\/gi_sa_det_svir1489337\/"},"modified":"2006-12-29T00:51:09","modified_gmt":"2006-12-29T00:51:09","slug":"gi_sa_det_svir1489337","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gi_sa_det_svir1489337\/","title":{"rendered":"Gi s\u00e5 det svir"},"content":{"rendered":"<p>Dei siste dagane har eg vore mykje oppteken med \u00e5 skrive p\u00e5 Wikipedia, det leksikonet der alle kan skrive om det dei veit. Som eg har fortalt her p\u00e5 bloggen f\u00f8r, var det son min, Helge som oppmoda meg til \u00e5 begynne \u00e5 skrive der. Det var i sommar, og sidan har eg hatt mykje glede av dette. Her er hovudsida til bokm\u00e5lsutg\u00e5va, som eg skriv p\u00e5 og som har om lag 92 000 artiklar n\u00e5r du les dette. Sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Hovedside<\/p>\n<p>I ein tre vekers periode som starta 16. desember har wikipedia foundation, som er det ideelle stiftelsen som eig datamaskinane som dette leksikonet ligg p\u00e5, hatt ein fundraisingskampanje for \u00e5 f\u00e5 pengar til \u00e5 drive datamaskinane. Den engelske utg\u00e5va av leksikonet har 1,5 millionar artiklar, dene tyske har ein halv million, og den norske g\u00e5r mot 100 000. Det er utg\u00e5ver p\u00e5 over hundre spr\u00e5k, s\u00e5 det er eit viktig og stort arbeid \u00e5 lage wikipedia.<\/p>\n<p>I l\u00f8pet av dei to f\u00f8rste vekene har kampanjen f\u00e5tt inn nesten 750 000 dollar, du kan sj\u00e5 det sj\u00f8lv ved \u00e5 g\u00e5 inn p\u00e5 http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Main_Page den engelske hovudsida til leksikonet. Om du les engelske, vil eg og anbefale denne sida, som fortel om oppstarten og om prinsippa for leksikonet: http:\/\/www.theatlantic.com\/doc\/200609\/wikipedia<\/p>\n<p>Samstundes var det eit oppslag i Aftenposten i dag p\u00e5 side 17 i del 1. Der st\u00e5r det om den norskamerikanske milliard\u00e6ren Fred Kavli, som gir heile si formue til forskning.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje kva for eit godt f\u00f8rem\u00e5l du sponsar med g\u00e5ver. I joleg\u00e5ve i \u00e5r fekk eg ei geit, det vil seie, ein familie i eit fattig land fekk ei geit til 250 kroner gjennom Kirkens N\u00f8dhjelp, og s\u00e5 fekk eg eit g\u00e5vebrev der R\u00f8nnaug skreiv at i \u00e5r ville dei heller gje meg ei slik g\u00e5ve enn ei ny bok til den overfylte bokhylla mi.<\/p>\n<p>Eg gleder meg med den fattige familien som har f\u00e5tt ei geit og hjelp til \u00e5 halde liv i seg. Eg gleder meg og over dei mange som gjev ein slant til Wikipedia og han som gjev sin rikdom til forskning. Den som gjev, han f\u00e5r, det er ein forunderleg livsvisdom samla i det gamle ordet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dei siste dagane har eg vore mykje oppteken med \u00e5 skrive p\u00e5 Wikipedia, det leksikonet der alle kan skrive om det dei veit. Som eg har fortalt her p\u00e5 bloggen f\u00f8r, var det son min, Helge som oppmoda meg til \u00e5 begynne \u00e5 skrive der. Det var i sommar, og sidan har eg hatt mykje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gi_sa_det_svir1489337\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gi s\u00e5 det svir<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-1489337","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1489337"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1489337"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1489337\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1489337"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1489337"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1489337"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}