{"id":14846785,"date":"2012-09-21T09:17:25","date_gmt":"2012-09-21T09:17:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/09\/stadutvikling-valle-sentrum-sentrumsbygg-14846785\/"},"modified":"2012-09-21T09:17:25","modified_gmt":"2012-09-21T09:17:25","slug":"stadutvikling-valle-sentrum-sentrumsbygg-14846785","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/stadutvikling-valle-sentrum-sentrumsbygg-14846785\/","title":{"rendered":"&quot;Stadutvikling Valle sentrum &#8211; sentrumsbygg&quot;"},"content":{"rendered":"<p>Eg skreiv i g\u00e5r at eg ville kome tilbake til dette. Formannskapet vedtok onsdagskvelden \u00e5 l\u00f8yve ein halv million kroner til &#8220;Stadutvikling Valle sentrum &#8211; sentrumsbygg&#8221;. Utgangspunktet er at daglegvarebutikkane i sentrum har vore p\u00e5 jakt etter tomter for \u00e5 bygge nye butikkar, dei noverande butikkane er ikkje tilpassa dagens situasjon, og vi ser alle problema det er med \u00e5 levere varer, s\u00e6rleg til Jokerbutikken. Difor ville dei sl\u00e5 to fluer i ein smekk og flytte ned mot riksvegen, d\u00e5 kunne dei og f\u00e5 fleire kunder ved at gjennomgangstrafikken kanskje stoppa.<\/p>\n<p>Men det er jo eit problem: Om daglegvarebutikkane flytter ut av sentrum, vil sentrum bli ganske tomt. Etter mi meining vil det s\u00e6rleg gjelde om Coop flytter, dei har post, tipping og apotekutsal, s\u00e5 folk flest m\u00e5 innom der. Om Joker flytta ned mot RV9 ville framleis folk ta turen i sentrum for \u00e6rend til Coop. Men om Coop flytta ned, ville nok sentrum ikkje vere s\u00e5 attraktivt.<\/p>\n<p>Det er jo kommunen som legg til rette for n\u00e6ringsutvikling, og sp\u00f8rsm\u00e5let om \u00e5 regulere landbrukseigedom til handel sit nok langt inne i ein kommune styrt av Senterpartiet. Ettersom ordf\u00f8rar Tarald Myrum eig mykje av jorda det er snakk om, er han ugild i kommunen si handsaming av dette. Men Senterpartiet er ikkje glad i \u00e5 omregulere landbrukseigedomar, s\u00e5 ein har leita etter andre l\u00f8ysingar enn \u00e5 flytte daglegvarebutikkane ned mot vegen.<\/p>\n<p>No siterer eg fr\u00e5 saksutgreiinga til formannskapet onsdag:<\/p>\n<p>Kva er gjort fram til no?<br \/>\nAdministrasjonen har tatt initiativ til \u00e5 utarbeide ein visjon til korleis eit framtidig sentrum kan sj\u00e5 ut og kva det kan innehalde. Til \u00e5 hjelpe oss med \u00e5 komme med idear til korleis ein kan utvikle staden Valle har vi engasjert arkitekt Ola Roald. Roald er engasjert i stadutvikling fleire stader i Norge, mellom anna i Bardu og Iveland. Han har vunne Statens byggeskikkpris, er mykje brukt som foredragshaldar og er ogs\u00e5 engasjert i forsking og utvikling, spesielt innafor bruk av tre som materiale.<\/p>\n<p>Grunnlagsdokumenta arkitekt Ola Roald fekk var omr\u00e5deplan for Valle sentrum (ikkje endeleg politisk vedtatt enno), \u0094Strategisk plan for kultur og n\u00e6ring 2011-2015\u0094, masteroppg\u00e5va \u00abTidsreisa\u00bb og planen for utvikling av Prestegardsskogen frilufts- og aktivitetsomr\u00e5de.<\/p>\n<p>Roald sl\u00e5r fast at dersom vi \u00f8nskjer \u00e5 behalde eit sentrum der det ligg i dag,  m\u00e5 ein starte med fortetting der, og ikkje spreie verksemder og aktivitetar utover. Alle erfaringar tilseier at dersom vi legg nye n\u00e6ringar og aktivitetar nede ved rv 9 no, f\u00f8rer dette til ei ny lokalisering av aktivitet, og det vil f\u00f8re til at det vi kjenner som sentrum i dag vil bli t\u00f8mt for sine funksjonar.  Det n\u00e6ringslivet vi har i sentrum i dag vil bli utarma og mindre variert.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg skreiv i g\u00e5r at eg ville kome tilbake til dette. Formannskapet vedtok onsdagskvelden \u00e5 l\u00f8yve ein halv million kroner til &#8220;Stadutvikling Valle sentrum &#8211; sentrumsbygg&#8221;. Utgangspunktet er at daglegvarebutikkane i sentrum har vore p\u00e5 jakt etter tomter for \u00e5 bygge nye butikkar, dei noverande butikkane er ikkje tilpassa dagens situasjon, og vi ser alle &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/stadutvikling-valle-sentrum-sentrumsbygg-14846785\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">&quot;Stadutvikling Valle sentrum &#8211; sentrumsbygg&quot;<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-14846785","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14846785"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14846785"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14846785\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14846785"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14846785"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14846785"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}