{"id":14652070,"date":"2012-09-01T20:35:16","date_gmt":"2012-09-01T20:35:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/09\/det-renn-14652070\/"},"modified":"2012-09-01T20:35:16","modified_gmt":"2012-09-01T20:35:16","slug":"det-renn-14652070","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-renn-14652070\/","title":{"rendered":"Det renn"},"content":{"rendered":"<p>Det renn fr\u00e5 nasen i kveld, det er ikkje ganske godt, for papirlommet\u00f8rkleet vert fullt p\u00e5 ein augneblenk, og s\u00e5 m\u00e5 eg ha ein ny runde. Det var ikkje slik eg tenkte helga skulle bli, eg trudde meir p\u00e5 at eg skulle skrive meg til 3100 artiklar p\u00e5 Setesdalswiki f\u00f8r dagen i dag ebba ut, men eg har enno 15 att, s\u00e5 eg kjem ikkje til \u00e5 klare det. Ikkje har eg pr\u00f8vd s\u00e5 veldig heller, ein vert s\u00e5 daff n\u00e5r snuen renn og ein sit der og snufsar, og s\u00e5 g\u00e5r ein og legg seg og tenkjer at ein skal sove det av seg, men det gjer ein jo ikkje. Tvert om, ein vaknar med nasen full av snue og trivlar etter rullen med papirlommet\u00f8rkle for \u00e5 f\u00e5 vekk noko av det som renn.<\/p>\n<p>S\u00e5 i dag har eg bare laga ein artikkel om g\u00e5rsdagens Setesd\u00f8len http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Setesd%C3%B8len_nr._69,_2012 og ein artikkel om musikkvideoen Riket i to http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Riket_i_to p\u00e5 Setesdalswiki, det er jo ikkje s\u00e5 mykje. Mange raude lenker vart det og i begge artiklane, s\u00e5 eg har mykje \u00e5 skrive f\u00f8r dei er bl\u00e5. I grunnen er det rart kor ofte eg endar opp med raude lenker, sj\u00f8lv om eg no har over 3000 artiklar p\u00e5 Setesdalswiki. Det er sikkert like mange raude lenker, det vil seie artiklar som manglar.<\/p>\n<p>I dag er det 1. september, det er 50 \u00e5r sidan siste toget gjekk p\u00e5 Setesdalsbanen. I g\u00e5r var det ein fin reportasje om det i S\u00f8rlandssendinga med ein interessant film fr\u00e5 siste toget. Men F\u00e6drelandsvennen hadde bare ein artikkel om konflikten mellom dei som driv museumsbanen, det har vi no h\u00f8yrt om s\u00e5 mange gonger f\u00f8r, dei kunne vel leita fram noko arkivstoff, alt gjekk vel ikkje med i brannen i F\u00e6drelandsvennen. Og Setesd\u00f8len har vel knapt hatt ei linje om saka med unntak av eit bilete dei hadde for ei veke sidan. Det hadde vore greitt \u00e5 skrive om dei ville nytte boka til Reidar Tveito, d\u00e5 kunne dei sikkert f\u00e5tt l\u00e5ne bileta av han og, og s\u00e5 kunne dei hatt ei side om hendinga. I morgon skal det kome ein heil buss med jernbaneentusiastar til Byglandsfjord for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 restane der, kan hende Setesd\u00f8len vil dekke det.<\/p>\n<p>Mens eg tastar ned desse orda, renn nasen min som ei Otra ovanom Hovden, ei tynn stripe. Eg f\u00e5r vone at han ikkje vert som ved utl\u00f8pet i Kristiansand, d\u00e5 sp\u00f8rs det om eg kjem meg p\u00e5 skulen att til m\u00e5ndag. Men det b\u00f8r eg, for eg skal ha radio b\u00e5de tysdag og onsdag i neste veke, vonar det stoggar til dess, elles vert eg vel sitjande der og snufse som ei anna gr\u00e5tekone.<\/p>\n<p>God natt til dykk som les dette i kveld, vonar at de slepp \u00e5 f\u00e5 slik ein rennande nase.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det renn fr\u00e5 nasen i kveld, det er ikkje ganske godt, for papirlommet\u00f8rkleet vert fullt p\u00e5 ein augneblenk, og s\u00e5 m\u00e5 eg ha ein ny runde. Det var ikkje slik eg tenkte helga skulle bli, eg trudde meir p\u00e5 at eg skulle skrive meg til 3100 artiklar p\u00e5 Setesdalswiki f\u00f8r dagen i dag ebba ut, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-renn-14652070\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Det renn<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-14652070","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14652070"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14652070"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14652070\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14652070"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14652070"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14652070"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}